13.-16. juni blir det Pederhusveke. Det er den 5. sidan huset vart opna i 2019. Årets artistar er Stein Torleif Bjella, Oddny, Sudan Dudan, Halvor Folgero, Berit Opheim & Sigbjørn Apeland, Frank Rolland, Sigrid Moldestad, Bjørn Ravnestad & dei pårørande, Svein Nesje. Ove Eide m. fl. I tillegg vert det dans, samtalar mm.
Styret vedtok i desember å vidareføre spelemannslaget som har vorte kalla Heimelaget, som deltok på Landsfestivalen i Førde i august. I år skal Heimelaget til Landsfestivalen på Vestnes!
Folkemusikkprisen 2024, ein pris som vert delt ut annankvart år til nokon som har gjort særleg mykje for folkemusikken, vart delt ut på Sogn og Fjordane-kappleiken til felemakar og spelemann Harald Kvandal. Her kan du lese begrunninga.
Nok ein kappleik er no historie, og vi vil takke alle frivillige i Nordbygda spel og dansarlag, Vindfylla Spelemannslag og Eid Spelemannslag for ein kjekk og godt gjennomført kappleik!
Bli med på TØFT-samliing på Viksdalen skule/samfunnshus 13. og 14. april! Det vert lynkurs i pols, dansekurs med hovudvekt på halling for ungdom frå 9 år, Små-TØFT for dei under 9 og dansekveld. Hugs å melde deg på innan 9. april!
I høve Førdefestivalen sitt prosjekt Vestafolk, reiser dei dyktige spelemenna Håkon Høgemo og Tom Karlsrud på turné, mellom annan til Straumsnes grendahus 4. april kl. 19.