På Sogn og Fjordane-kappleiken 2024 deler Sogn og Fjordane Folkemusikklag igjen ut ein heiderspris til ein av våre utøvarar, nemleg Folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane.

I år er det ein kulturberar og ein kulturperson vi skal feire. Men òg eit organisasjonsmenneske og eit familiemenneske.

 

Organisasjonsmennesket

I alle lag og organisasjonar treng ein folk som kan, og vil, gjere ein jobb. Om den er stor eller liten er ikkje avgjerande, og alle må ta ei vakt i løpet av medlemstida. Denne personen har bak seg ei årelang tid i styret for sitt lag, og held stadig fram med og seie ja til nye år i arbeid for drifta av laget.

 

Tradisjonsutøvaren

Årets mottakar av Folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane er ein tradisjonutøvar på høgt nivå, ein kulturberar som villig deler av sin kunnskap til nye generasjonar. Kunnskapen og utøvinga er erverva gjennom eigen familie frå generasjonar tilbake i tid, men også gjennom eiga erfaring. Så det er ein solid representant for eit rikt folkemusikkliv som skal heidrast i dag.

 

Spelemannen

Det er gjerne ikkje berre som dyktig spelemann mange kjenner denne personen. Men å delta som utøvar på kappleik har ikkje vore så vanleg, anna enn i lagspel.

 

Å møte fram på øvingane er òg noko denne personen held høgt. Dessutan, når laget er ute på små og større spelingar stiller spelemannen på med reinstemd fele, og slik vil vi sjå det her ikveld også.

 

 

Felemakaren

Prismottakaren i år har mange venner og bekjente kringom i heile landet, men har gjerne ikkje så mange kolleger for det dagane går mykje med til. For musikarar, spelemenn, spelemannslag, orkester og kulturskular er det ein svært verdsett person vi har med og gjere.

 

Ein vil tru at det er fleire her i salen som har vend seg til denne personen for hjelp. For er ein fyrst og fremst spelemann, skal ein ikkje tukle altfor mykje med instrumentet sitt sjølv.

 

For at musikkforma vår, folkemusikk og slåttespel, skal ha gode kår for å leve treng vi også gode instrument. Prismottakaren er ein viktig bidrags-ytar til at det er mogleg. Også bygdedansen og runddansen/gamaldansen er avhengig av spelemenn som spelar til dansarane, og kvaliteten til instrumenta er viktig for å vekke både spelelyst og danselyst hos spelemenn og dansarar.

 

Nordfjord Folkemuseum har stilt rom til disposisjon for ein felemakar i mange år. Til gjengjeld tek han imot skuleelevar og anna publikum for å vise korleis ei fele blir til, og fortel hardingfela si historie. Dette held han på med framleis og har verkstad i eit hus på museet på Sandane. Det er også laga ein film som fortel og handlar om felebygging.

 

Han er ein svært verdsett felemakar som også tek på seg å reparere feler, både vanleg feler og hardingfeler, fioliner, celloer og kontrabasser. Eit instrument som ein ikkje kunne tru var mogleg å "få opp og gå att», greier han å setje saman att til spelbar stand. Talet på feler han har reparert har forlengst passert 1000.

 

Kulturpersonen og tradisjonsberaren Harald Kvandal (f. 1937) er felemakar i 11. generasjon og kan føre anane sine attende til han som vi antar laga den fyrste hardingfela i Noreg, Anders Jonsen Jåstad i 1651. Harald Kvandal er no 87 år og held på framleis. No driv han også opplæring av neste generasjon felemakar i familien, nemleg sonen Rolf Inge Kvandal. Sjølv seier Harald at han tykkjer det er heilt topp at tredjegenerasjonen er blitt interessert i detta.

Og det er hardingfeler det dreier seg om fyrst og fremst. Harald fekk opplæring av faren, spelemann og felemakar Håvard Kvandal (1910-2005), der heime i Hardanger før han reiste ut. På 70-talet busette han seg på Sandane der han heldt fram med det tradisjonsrike arbeidet med å bygge vakre hardingfeler. Dette var ved sidan av jobben som medførde mykje reising. Når han var heime brukte han også tida i Gloppen Hardingfelelag der han framleis er aktiv. Felene til Harald gjekk det snart gjetord om, ikkje berre fordi dei var vakre å sjå på, men også fordi dei tiltalte spelemenn som verdsette klangen og lyden i instrumentet. Å bygge ei fele tek svært lang tid, og ved sidan av jobb og familie var det ikkje kvart år ei fele vart ferdig. No i 2024 kan ein rekne med han har laga iallfall 35 hardingfeler. Og det er kvalitet som syner att. På Landskappleiken si felemønstring har både far og son ofte hatt med feler og har fått svært gode skussmål og medaljer i både sølv og gull. Og til sommaren skal ei ny hardingfele på mønstringsbordet på Landskappleiken.

 

Det er ei stor glede å tildele felemakar, spelemann og tradisjonsberar Harald Kvandal med Folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane 2024!