Sogn og Fjordane-kappleiken 2024 fann stad i Operahuset på Nordfjordeid i helga. Kappleiken, som vart arrangert av Vindfylla spelemannslag, Nordbygda spel- og dansarlag, og Eid spelemannslag, samla ein solid gjeng av danse- og speleglade frå heile Sogn og Fjordane.
Totalt 215 deltakarar deltok i til saman 81 klassar. Det vart tevla både i solospel, gruppespel, og lagspel på fele, hardingfele, vokal, trekkspel og toradar. Og det vart tevla i dans, både runddans og bygdedans, i par og i lagdans.
Vandrepremiar vart delt ut til dei med høgast poengsum i solo- og pardanskategoriane. Atle Hoff og Mari Andrea Ness vann vandrepremiane i dans, medan Ingrid Schei Stuhaug vann i spel og Oline Løvlid i vokal.
Fredagen bydde på eit spesielt innslag som vart kalla "Sofapraten", der nestor i folkemusikk- og folkedansmiljøet Arne Sølvberg leia ein samtale med Jakob Nødseth, medlem av Vestland fylkesting og hovedutvalgsleder for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune. Ordførar i Stad kommune, Sigurd Reksnes, og operasjef Kari Standal Pavelich, var òg med. Samtalen dreia seg om folkemusikken og folkedansen, miljøet, historia, erfaringar og utfordringar. Mot slutten av praten vart dei utfordra til å danse springar, noko dei kasta seg ut i, med rettleiing frå Arne og Asbjørg.
Laurdagen vart Smørbukkappleiken halde, der rundt 55 born deltok med solospel, song og dans, både åleine, i par og i grupper. Etter framføringane leia Mari Andrea Ness ein dansøkt med borna, før premieutdelinga. Premiane var ein diplom og godtepose kvar, sjølvsagt med Smørbukk i.
Folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane 2024 vart òg delt ut laurdag. Den gjekk til felemakar og spelemann Harald Kvandal for sitt uvurderlege arbeid for folkemusikken i Sogn og Fjordane.
Frivillige frå Nordbygda spel- og dansarlag, Eid spelemannslag og Vindfylla spelemannslag gjorde ein god jobb med planlegging og gjennomføring av arrangementet. Tevlingane og programmet flaut fint, deltakarane blei godt tekne imot av frivillige i sekretariatet, og kappleikskaféen serverte god mat og drikke.
Etter tevlingane heldt dansefesten fram med dans til tonane frå spelemannslaga og gruppene som vart til stades.
Etter premieutdelinga på laurdagen, vart stafettpinnen i form av «kappleiksklokka» vart overlevert frå arrangørane til Indre Sunnfjord spelemannslag, som no tar på seg ansvaret for å arrangere Sogn og Fjordane-kappleiken i 2025.