Heimelaget er eit hardingfelelag for alle som ynskjer å vere med frå heile Sogn og Fjordane, særleg for dei som elles ikkje har eit lag som skal delta på Landsfestivalen. Det vart bestemt at laget skal ha tre øvingar i løpet av sommaren, før laget deltek på Landsfestivalen på Vestnes 31. juli – 4. august. 

 

Målet er å skape aktivitet og eit triveleg og inkluderande folkemusikkmiljø, deretter å vinne over austlendingane på tevlinga på Landsfestivalen. 

 

Øvingane vert halde 1. juni, 15. juni og 27. juli kl. 12-15 i Jølster samfunnshus på Skei, med Vidar Underseth som musikalsk leiar. Landsfestivalen i gammaldansmusikk er på Vestnes 31. juli - 4. august!

 

Ynskjer du å vere med, så send ein epost til post@folkemusikklaget.no.