UngLåt 2022

Sommarkurs i folkemusikk og folkedans for deg mellom 9 og 18!

6.-8. juli på Sunnfjord Folkehøgskule i Førde, samtidig med Førdefestivalen.

UngLåt er staden for å møte nye vener, lære nye triks på instrumentet ditt eller på dansegolvet, oppleve Førdefestivalen og få minne for livet! Her vert det kurs i folkedans, hardingfele, fele, trekkspel, toradar og song. I tillegg vert det fellesøkter, med dans, song, leik og moro. Instruktørane er valde frå øvste hylle, og fleire av dei møter du att som artistar på Førdefestivalen.

Les meir om UngLåt HER!