UngLåt vert no arrangert for tredje gong, denne gong med ein heil ekstra dag på programmet. Kurset er for folkemusikk og folkedansinteresserte barn og ungdom i alderen 9 til 18 år frå heile landet. Her vert det kurs i folkedans, hardingfele, fele, trekkspel, toradar og song. I tillegg vert det fellesøkter, med dans, song, leik og moro. I år vert det òg mogleg å delta på Førdefestivalen som publikum på opningskonserten. 

UngLåt er staden for å møte nye vener, lære nye triks på instrumentet ditt eller på dansegolvet, oppleve Førdefestivalen og få minne for livet!  Instruktørane er valde frå øvste hylle, og fleire av dei møter du att som artistar på Førdefestivalen.

UngLåt ynskjer å vere ein institusjon innan norsk folkemusikk, og ein viktig opplærings- og formidlingsarena i arbeidet med å ta vare på og vidareformidle folkemusikk og -dansetradisjonane på Vestlandet.  Kurset er det einaste sommarkurset som særleg fokuserer på folkemusikk og folkedansetradisjonar på Vestlandet, og er arvtakaren etter det tradisjonsrike Mokurset som vart arrangert årleg frå 1984-2018. UngLåt vert arrangert av Sogn og Fjordane Folkemusikklag i samarbeid med Førdefestivalen og Hordaland Folkemusikklag. 

 

Ein kan melde seg på ved å trykke på denne lenkja og fylle ut skjemaet: 

https://forms.gle/2WaKyrffTF1An7kT8