Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
418478287_341830872138133_4194393547429880259_n

Konsert med Farstad & Farstad trio

Gammaldansgruppa Farstad & Farstad trio kjem til Nordfjordeid og dreier opp til konsert i Kulturhuset Gamlebanken laurdag 24. feb kl. 14!

Hentekonserten på søndag

Triveleg TØFT-samling på Skei 26.-28. januar

TØFT-samlinga på Skei skule i Jølster fredag til sundag, 26.-28. januar, samla born og ungdom frå 9 til 16 år frå Sogn og Fjordane og nokre frå Møre og Romsdal, til å spele folkemusikk saman. Det vart ei kjekk helg med musikalsk og sosialt samvær.

71937049231

Jostedalsspringaren - dansen og spelet

Laurdag 2. Mars kl. 19 inviterer Jostedal spel- og dansarlag til hyggeleg samkome på Jostedal hotell med Elin Grytting og Håkon Høgemo med fokus på Jostedalsspringaren. Vil du vere med på nybyrjarkurs i gammaldans, så byrjar det kl. 16.

kviven duo 24

Kviven duo dreg på turnè i januar

I høve TØFT-samlinga på Skei 26.-28. januar kjem Kviven duo til mellom anna Jølster samfunnshus laurdag 27. januar kl. 19:30. Her får dei unge oppleve folkemusikk på høgaste nivå! Konserten er sjølvsagt for alle, så det er berre å notere datoen! Elles spelar dei òg i Volda 20. jan og på Nordfjordeid 21. januar. Bli med!

_Folkemusikkpris 2024

Send inn din nominasjon til Folkemusikkprisen 2024

Sogn og Fjordane Folkemusikklag deler annan kvart år ut Folkemusikkprisen til ein person, eit lag eller ein institusjon som har gjort særleg mykje for folkemusikken. Mottakar av Folkemusikkprisen i 2022 var Dagrun Hesjevoll. Neste gong prisen delast ut er i år på Sogn og Fjordane-kappleiken. Send inn ditt forslag til kandidatar til post@folkemusikklaget.no.

Toradarkurs (1080 x 690 px)

Toradarkurs for vaksne nybyrjarar

Naustedalen spelemannslag skal starte eit nybyrjarkurs i toradarspel for vaksne (over 16 år),  onsdag 17. januar 2024 kl 1800 i Førdehuset.

Copy of Copy of Copy of TØFT-samling 21

Bli med på TØFT-samling i januar! (Påmelding INNAN 10. desember!)

Her kan du melde deg på TØFT-samling på Skei skule 26.-28. januar! Det vert kurs i hardingfele, fele, trekkspel og cello, for dei mellom 9-18 år, og folkesong på laurdagen for dei opp til 10 år! Kurset er gratis! Hugs å melde deg/dine på innan 10. desember!

371521062_6874112786037608_3427971790069933029_n

Kjekt julebord på Skei 2. desember

Sogn og Fjordane Folkemusikklag vil takke alle som deltok for ein flott kveld med musikk, dans og julestemning på Thon Hotel Jølster på Skei den 2. desember. Her kan du sjå bilete frå kvelden.

dommar

Dommarseminar 2.-3. mars

Vi treng fleire dommarar til Sogn og Fjordane-kappleiken og Vestlandskappleiken i framtida! Meld deg på dommarseminar innan 12. februar her.

Invitasjon til julebord 2

Julebord 2. desember

Folkemusikklaget inviterar medlemmer og lokallag og andre folkemusikk- og folkedansinteresserte med på julebord 2. desember. Er du ikkje medlem i eit lokallag i Sogn og Fjordane og vil vere med likevel, kan du henvende deg til oss på post@folkemusikklaget.no.

Aktivitetskalender

SOGN OG FJORDANE FOLKEMUSIKKLAG