Folkemusikkgruppa Kvarts er i dag ei av dei gruppene innan sjangeren i Noreg med lengst fartstid. Sidan 1998 har kvartetten sett tydelege spor etter seg. To Spellemannprisar og ein nominasjon til same prisen fortel litt.
 
Repertoaret til gruppa er i hovudsak bygd på norsk tradisjonsmusikk. Men dei har og hatt store samarbeidsprosjekt t d med Kringkastingsorkestret, Jonas Fjeld, Henning Kvitnes og fleire. I gruppa spelar gudbrandsdølen Øystein Ovrum Rudi fele, vossingen Jo Asgeir Li trekkspel, vossingen Erlend Styve står for gitar og stundom song, medan Tom Willy Rustad starta sitt liv i Oslo og trakterer både kontrabass, torader, seljefløyte, munnharpe og gitar. Utan å gå i detalj om kvar einskild sine meritter, kan vi nemne at felespelaren har vunne Landskappleiken tre gonger og har bygt opp det kulturelle kraftsenteret Rudi Gard i Sør-Fron. Både Jo Asgeir og Tom Willy er topp utdanna frå Norges Musikkhøgskole og har sjølve lang røynsle frå å leie utdanningsinstitusjonar innan folkemusikk, som Ole Bull Akademiet og folkemusikklinja ved Vinstra vidaregåande skule.
Etter at Kvarts hadde fått positive signal frå andre artistar som har gjesta Fjellvarden, spurde dei om å få kome hit å halde konsert og spele til dans torsdag etter påske. Spelemannslaget Fjelljom tek med glede på seg tilskiparansvaret, og som vanleg vert det både konsert, tid til kaffi og prat og ein times tid med dans for alle. Siste CDen til Kvarts som kom i fjor heiter rett og slett «Til dans», og med gruppa sine eigne ord vil vi ynskje alle velkomne: «Som ein avstemt energi mellom sal og scene der låt etter låt heng tett på kvarandre, og ingen vil sleppe stunda. Da er det stort å vere spelmann.»
 
Billett kr 250,-. Under 20 år gratis.
Arrangør er Spelemannslaget Fjelljom.
Vel møtt i  Ungdomshuset Fjellvarden på Fjelli i Stryn (adresse Panoramavegen 1212).