Det vert øvingar i hardingfelelaget for heile Sogn og Fjordane som heiter Heimelaget i år òg, og vi har sett opp følgjande datoar. 24. mai, 14. juni, 28. juni og 19. juli. I tillegg deltek vi som lag på Landsfestivalen 30. juli til 4. august. Tidspunkt vert kl. 12-15, og staden er framleis Jølster samfunnshus på Skei. På fyrste øving er programmet som følgjer:

1. Spele gjennom dei slåttane me har frå før
2. Vi lærer ein Springar frå Nordfjord
3. Dersom det er tid: Prøve på ein Swing og/eller ein tango

Hugs at det vert moglegheiter for å alle som har litt erfaring med hardingfele å delta! Nytt av året er at vi prøvar oss på litt meir bygdedans-slåttar, samt swing og tango på øvingane. Men på sjølve Landsfestivalen spelar vi sjølvsagt runddansslåttar. Vonar flest mogleg deltek. Ynskjer du å få tilsendt slåttane vi spelte tidlegare, er det berre å sende ein epost til nikolai@folkemusikklaget.no.