Vi gler oss til den store jubileumshelga i Bergen 13. - 14. oktober!
Vi vonar det blir ei helg der folkemusikken og folkedansen verkeleg sett byen på hodet, og at folk frå heile landet strøymer til Bergen.
Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen innan 18. september.
Holmedal bygdemuseum arrangerer "Tradisjonsmusikk til tusen" i Holmedal Bygdehus laurdag 2. september. Der set dei fokus på spelemannstradisjonane og folkemusikken i Dalsfjorden.
No er det ikkje lenge til det brakar laus i Førde 2.-6. august! Håpar mange frå heile Sogn og Fjordane tek turen om det er for å tevle, danse og/eller berre oppleve festivalen. Det er òg barnefestival for dei yngste laurdag 5. august på torgscena ved Elvetorget i Førde sentrum, der dei kan delta med eit innslag av dans, spel eller song.
UngLåt er over for i år, men vi håpar at flest mogleg vil òg ta turen til UngOsa som er samstundes med Osafestivalen 27.-29. oktober! I fjor vart kurset fullt, med 75 deltakarar, så det gjeld å vere tidleg ute med å melde seg på! Om det ikkje vert fullt, er fristen 20. september. Påmelding og meir info her.