Velkomne til Vestlandskappleiken

Fredag 13. og laurdag 14. oktober vert det Vestlandskappleik i Bergen i Gimle, Kong Oscars gate 18. I år vert kappleiken arrangert samtidig som FolkOrg sitt 100 års-jubileum. Grunna jubileet vert organiseringa av kappleiken litt annleis.

Alle klassar vert dømt av eit samla dommarpanel på fem dommarar. Startnummer vil gå på tvers av klassar.
Alle klassane, utanom open klasse, vert delt i junior og senior.
Dei ulike klassane er:

  • Open klasse

  • Vokal

  • Spel hardingfele/fele

  • Durspel/trekkspel

  • Eldre folkemusikkinstrument

  • Gruppespel

  • Lagspel (det vert dans til lagspel)

  • Lagdans

  • Pardans hardingfele/fele

  • Lausdans

Vi oppmodar dei som vil spele runddans om å melde seg på i open klasse.

Påmeldingsfrist er 15. september.


Deltakaravgift vert 100 kr. for juniorar og 200 kr. for seniorar.

Kappleiken startar alt klokka 17 på fredagen, og juniorklassane vert gjennomført denne kvelden. Etter opningskonserten vert det tevling i lagdans og lagspel.

Dersom du vil tevle i desse klassane, men ikkje når fram fredagen, gje oss ein lyd, så får du tevle på laurdagen.

 

Program for helga finn du her.

Info om Sjokoladekappleiken finn du her.

Info om Opningskonserten på Vestlandskappleiken 2023 - Konsert med folkemusikkfordjupning - Ungdommar frå Vestland

 

I samband med opningskonserten på Vestlandskappleiken vert det òg delt ut Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris for unge utøvarar på hardingfele frå Vestlandet. Les meir om denne prisen HER og send inn framlegg til kandidat innan 18. september.

 

Publikumspris:

Fredag: vaksen 250 kr., student 150 kr.

Laurdag (utan dansefest*): vaksen 250 kr., student 150 kr.

Helg (utan dansefest*): vaksen 450 kr., student 250 kr.

*dansefesten laurdag er FolkOrg sitt arrangement. Sjå meir her: https://fb.me/e/9WO8EVlYy eller her: Program til jubileumsfeiringa i Bergen! - FolkOrg

 

Velkommen til Bergen!

 

Helsing 

Bygdedanslaget i Bjørgvin, Spelemannslaget Fjellbekken og Bergen ungdomslag Ervingen.

 

FolkOrg 100 år

FolkOrg (tidlegare Landslaget for spelemenn) vart skipa i Bergen for 100 år sidan, og i den anledning vert det det Jubileumshelg i tillegg til Vestlandskappleiken i år. Det vert lansering av FolkOrg si jubileumsbok, Jubileumskonsert i Grieghallen laurdag kl. 19:30, etterfulgt av dansefest.​

Billettar til jubileumskonserten

Som medlem i FolkOrg får du rabatt på billettane.
Du velgjer billettkategorien Medlem FolkOrg når du kjøpar billettane.

Billettar kjøpast via Grieghallens billettsystem her! 

Hotellovernatting i Bergen

Som medlem får du 15 % rabatt på hotellovernatting hos alle hotella som er tilslutta De Bergenske Hotell. Sjå oversikt her!  
Rabattkoden er RAB15. Velg hotell, antal personer og antal netter og legg så inn rabattkoden og trykk søk. Fullfør bestilling på vanleg vis. 

Meir info om jubileumskonserten finn du her.