Farstad & Farstad spelar opp til konsert og dans i Fjellvarden i Fjelli i Stryn laurdag 22.juli kl.20.00.
 
Dei består av:
- Åsmund Arnesen Farstad på fele og hardingfele
- Marius Berglund på trekkspel og toradar
- Kristina Farstad Bjørdal på trekkspel
- Bernt Hansen på bass
- Kjartan Haugen Foss på gitar
 
Kvelden startar med konsert der publikum får høyre alt frå friskt bygdedansspel, gammaldans, tango, og klassisk- og varietémusikk på trekkspel.
Etter det vert golvet rydda, og Farstad & Farstad spelar runddans og bygdedans ispedd nokre leikande tangoer utover kvelden!
 
Vel møtt til ein heilaften!
 
Billettpris: 200 kr