Etter tre samlingar på Skei, i mars, juni og juli, deltok Heimelaget på lagspeltevlinga på Landsfestivalen i gammaldans i Førde. Laget fekk varma godt opp med ei gjennomspeling og dansespel kvelden før, samt ei god øving og generalprøve før laget gjekk på scena fredag 4. august. Resultatet vart ein 8. plass på resultatlista, som vi er svært fornøgde med med tanke på at det var i alt 23 lag som deltok. Målet var ikkje fyrst og fremst å kome til topps på lista, men å kunne treffast på tvers av kommunegrenser og spele og ha det hyggeleg saman. Dette målet kan vi i alle fall seie var nådd så det held, og folkemusikklaget vil med dette takke alle som var med i laget og bidrog til god klang, god trøkk og god stemning. Vi vil rette ein særleg takk til Vidar Underseth som har vore musikalsk leiar, og har spelt inn opptak av slåttane i førekant, køyrd i mange timar frå Ålesund til Skei og tilbake, og losa laget trygt gjennom øvingane, dansespelinga og tevlinga!

Om laget held fram som eit tiltak i regi av folkemusikklaget, vert beslutta på eit framtidig styremøte. No gjenstår det berre å seie takk for denne gong!