13.-16. juni blir det Pederhusveke. Det er den 5. sidan huset vart opna i 2019. Årets artistar er Stein Torleif Bjella, Oddny, Sudan Dudan, Halvor Folgero, Berit Opheim & Sigbjørn Apeland, Frank Rolland, Sigrid Moldestad, Bjørn Ravnestad & dei pårørande, Svein Nesje. Ove Eide m. fl. I tillegg vert det dans, samtalar mm.
Styret vedtok i desember å vidareføre spelemannslaget som har vorte kalla Heimelaget, som deltok på Landsfestivalen i Førde i august. I år skal Heimelaget til Landsfestivalen på Vestnes!
Påmeldingsskjema til UngLåt er no stengt. Det var frist 27. mai, men om ein etterpåmelder seg kan det gå bra, men vi kan ikkje garantere overnattingsplass. Send ein epost til nikolai@folkemusikklaget.no om du vil etterpåmelde.
3. juli vert det folkedansekurs i gymssalen på Sunnfjord Folkehøgskule i høve UngLåt. Her er det ingen påmelding og kurset er gratis! Kurset er for dei mellom 8 og 19 år og varar i omlag halvannen time.
Vestland fylkeskommune deler kvart år ut folkemusikkstipend. Dette skal oppmuntre til kunstnarleg utvikling og styrke og sikre arbeid med immateriell kulturarv. Søknadsfristen er 1. juni 2024. Det er eit stipend på 60.000 kr og to på kr. 25.000 kr for dei under 30 år.
Onsdag 7. mai kl. 19 vert det konsert med fløytespelar Silje Hegg, Matias Askvik og Tom Karlsrud i Ungdomshuset Fjelly i Borgund. Her kan du høyre mellom anna slåttar frå Sogn og Telemark.
Oppdatert 17. juni! Vi har endra litt på timeplanen i år, ved at det er litt ulik timeplan for dei frå 13 år og opp, i forhold til dei som er 12 år og ned. Du kan laste ned dei to ulike timeplanane ved å trykke på lenkja under. Merk at det kan førekome endringar!
Folkemusikkprisen 2024, ein pris som vert delt ut annankvart år til nokon som har gjort særleg mykje for folkemusikken, vart delt ut på Sogn og Fjordane-kappleiken til felemakar og spelemann Harald Kvandal. Her kan du lese begrunninga.