Den dyktige folkedansaren Tone Ingvaldsen frå Bodø, som i fjor rykka opp i A-klassa på Landskappleiken i Lom, kjem til Førde for å halde kurs i folkedans for alle som er interessert i å prøve seg. Dette er eit lågterskel kurs som alle i aldersgruppa 8-19 år kan slenge seg på. Tone er òg ein erfaren pedagog som er god å tilpasse seg nivået til dansarane. Ho har stadig instruktøroppdrag rundt om i heile landet og er veldig ettertrakta, både som instruktør og utøvar. 

Kurset er på følgjande tidspunkt den 3. juli

kl. 12:00-13:30: Kurs for dei frå 8-12 år

kl. 14:15-15:45: Kurs for dei frå 13-19 år

Merk at dette er samstundes som Førdefestivalen, så kurset kan godt kombinerast med andre aktivitetar og konsertar under festivalen. Sjå programmet til Førdefestivalen på fordefestival.no.

Dette tilbodet er ikkje for dei som allereie er på UngLåt som deltakarar på instrumentkursa. Men frykt ikkje, fordi Tone skal halde kurs for dei òg på andre tidspunkt i løpet av UngLåt som er 2.-4. juli.

Vi vonar flest mogleg vil ta turen til Førde på kurs!