
Plateslepp DRAUMKVEDET
Distriktsmusikarane Malin Alander og Ole Nilsen inviterar til plateslepp av Draumkvedet 6. januar i Vereide kyrkje på Sandane kl. 18 og 12. januar kl. 19 på Sunnfjord kulturskule i Førde.
Distriktsmusikarane Malin Alander og Ole Nilsen inviterar til plateslepp av Draumkvedet 6. januar i Vereide kyrkje på Sandane kl. 18 og 12. januar kl. 19 på Sunnfjord kulturskule i Førde.
TØFT-midlane gjekk til Gaular spelemannslag, Breim spelemannslag, Spelemannslaget Fjelljom og Sunnfjord Kulturråd. Her kan du lese kva dei vart nytta til.
Fristen for søking av tilskot frå Rolf Myklebust Minnefond går ut 1. desember. Rolf Myklebust Minnefond har som føremål å stø utgjevingar av tradisjonell folkemusikk frå Sogn og Fjordane i form av notar, arkivopptak og nyinnspelingar av tradisjonsstoff. Bøker eller hefte med skriftleg materiale innan sjangeren kan òg få stønad. Meir info her.
Denne fine gjengen har i helga gjennomført barneinstruktørkurs med Anna Gjendem som instruktør og Britt Elise Skram som musikar. Kurset er eit samarbeidd mellom Noregs Ungsdomslag, hardingfela.no og Voss Ungdomslag.
Sogn og Fjordane folkemusikklag vedtok å halde fram med planlegginga av danninga av Sogn og Fjordane spel- og dansarlag som skal delta på Landsfestivalen 2023. Prosjektet møtte stor interesse hjå medlemmer på spel, men vi treng framleis fleire påmelde på dans dersom det skal vere ein dansarlag òg.
3. desember vert det konsert og dans i høve Knut Hamre 70 år. Det vert òg HardingFolk-kurs i Granvin denne dagen.
Laurdag 19. november er det Bornas Verdsdag. I den anledning vert det mellom anna folkedanseframsyning og barnekor med born frå heile Sunnfjord kommune. Det vert folkedanseverkstad, feleverkstad, folkesongverkstad for dei minste, og masse meir! Sjå heile programmet her!
11. desember vert det konsert i Ålhus kyrkje med gamle adventssongar og julesongar frå Valdres.
Fredag 18. november kl. 20 trekkspelduoen Storm Duo til ungdomshuset Fjellvarden på Fjelli i Stryn. Etter konserten vert det dans!
Vestland fylkekommune delte ut folkemusikkstipendet på 60 000 kroner til Moldestad under Osa-festivalen på Voss i helga. I tillegg delte han ut to folkemusikk ung-stipend til Lukas Pawelka og Mathilde Skjæret. Dei er på 25 000 kroner kvar.
Sogn og Fjordane folkemusikklag driv i desse dager å luftar for medlemmer og andre om det er interesse for å danne eit spel og dansarlag for Sogn og Fjordane til deltaking på Landsfestivalen 2.-6. august 2023 i Førde. Les informasjon om prosjektet og meld interesse om du ønskjer å vere med på dette INNAN 1. NOVEMBER.
Folkemusikklaget Havbrusen gjentek suksessen med folkemusikkpub i Løa i Fjaler! Anten du kjem for å møte venner, drikke øl, høyre på folkemusikk, eller med instrument i handa vert det garantert god stemning i Løa denne kvelden.
Naustedalen spelemannslag skipar til Sogn og Fjordane-kappleiken på Førde barneskule 14.-15. april. Meir info om kappleiken kjem etter kvart.