Mange toppmusikarar har gjesta dette akustisk veleigna konsertlokalet siste åra. Håvard Svendsrud er allereie godt kjend i huset der han har hatt både konsertar og plateinnspeling. No kjem han saman med sin gode trekkspelkamerat Øivind Farmen. Vi vågar påstanden at dei to i mange år har vore landets mest kjende trekkspelduo. For mange år sidan studerte dei i lag på Barrat Due, og har sidan hatt trekkspelet som heiltids levebrød og med storveges karierer kvar for seg. I yngre år deltok dei i store konkurransar og kan skilte med titlar som både norgesmeister og verdsmeister. Men slikt pratar dei ikkje om.


Turnekonseptet dei kallar Trekkspillcafé går ut på at dei i fyrste avdelinga serverer planlagde nummer, deretter er det kaffipause så folk får pratast og gjerne kome med musikkynskje til musikarane som dei tek med seg inn i siste avdelinga. Dette vitnar om at dei sit inne med eit svært stort og allsidig repertoar som spenner frå klassisk barokkmusikk til nyare komponert trekkspelmusikk og tradisjonsmusikk som rykkjer i dansefoten eller rører oss på andre vis. Skulle nokon leve i den villfarelsen at dei ikkje likar trekkspel, så er vårt råd at dei møter opp i Fjellvarden denne kvelden og vert kvitt slike vrangforestillingar.


Spelemannslaget Fjelljom står som vertskap, og i pausen syter Nils og Helen som vanleg for heimelaga kaffimat. Som på førre konserten tilbyr vi framleis gratis inngang for alle under 20 år, og dei andre betalar berre kr 200,- anten kontant eller med vipps ved frammøte