Etter at forslaget om å danne eit spel og dansarlag for heile Sogn og Fjordane vart sendt ut til høyring med frist 1. november, har vi fått inn mykje interesse for spelemannslaget, og litt mindre interesse for dansarlaget. Det er difor vedteke at vi skal ha spelemannslag med Vidar Underseth som musikalsk leiar, medan vi avventar fleire påmeldingar før vi vel å gå fram med dansarlaget. Vi vonar difor at fleire ynskjer å melde seg på. Merk at det er gratis å vere med på samlingane, men at alle som skal vere med på Landsfestivalen 2.-6. august må sjølve betale si eiga deltakaravgift. Påmelding skjer ved henvending til post@folkemusikklaget.no. Send instrument (hardingfele, toradar i hardingfeletoneart, trekkspel. Vi manglar òg gitarist og kontrabass pr. 11. februar) eller om du vil danse, samt namn.

Samlingane vert på følgjande tidspunkt:

- 25. mars kl. 12-15 på Skei skule (kun spelemannslaget)
- 10. juni kl. 12-15 på Skei skule (kun spelemannslaget)
- 29. juli kl. 12-15 (spelemannslaget og dansarlaget)
(Vi kjem tilbake om den aktuelle staden for siste samlinga)

Målet med prosjektet er å samle eit stort hardingfelelag med komp og eit dansarlag tre gongar i løpet av vårhalvåret sentralt i Sogn og Fjordane der medlemmene av det nye laget kan samlast og bli betre kjent, lære nokre nye slåttar eller dansar av dyktige instruktørar og førebu seg på å spele på Landsfestivalen i gammaldans i Førde 2. - 6. august.

Laget er for alle som er interesserte i folkemusikk og folkedans og hovudføremålet er å skape eit godt og inklude rande miljø. Ein treng ikkje å vere medlem i noko lokallag frå før for å melde seg på, og det einaste kravet er at ein har spelt/dansa ein del frå før og at ein ikkje er heilt nybyrjar. For dei som er medlemmer i andre lokallag frå før, så er det viktig å poengtere at ein kan delta i fleire lag på Landsfestivalen i gammaldans. Prosjektet er ikkje meint å vere eit overskotsprosjekt og hovudføremålet er å ha det kjekt saman, og vi inviterer difor dei som driv eller har drive med hardingfele, trekkspel eller folkedans til å vere med. Spelar du fele, men ikkje har hardingfele tilgjengeleg, kan vi legge til rette for at dette kan leigast. 

Velkomne i laget!

 

Les høyringsbrevet om laget her.