Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend. 

 

Minneprisen skal delast ut på Vestlandskappleiken 2023, og er på kr. 15.000,-.

Tid og stad for utdelinga er fredag 13. oktober i Gimle, Bergen.

 

FRIST for innsending av forslag er fredag 18. september.

 

Forslag skal sendast til:

Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen

e-post: kontoret@bergen.ungdomslag.no

Merk konvolutten/e-posten ”Minnepris 2023”.

 

For meir informasjon, sjå www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/