For fyrste gong sidan 2019 vart det endeleg arrangert Sogn og Fjordane-kappleiken att. Grunna koronapandemien har det vore vanskeleg for lokale spelemannslag i Sogn og Fjordane å arrangere kappleik, men no er folkemusikk- og dansemiljøet i full aktivitet igjen. Naustedalen spelmannslag arrangerte Sogn og Fjordane kappleiken på Førde barneskule i helga, og kan såleis puste letta ut og glede seg over svært gode tilbakemeldingar på eit vellukka arrangement.

På kappleiken deltok omlag 170 deltakarar fordelte på 58 startnummer i både junior- og senior klassar. Deltakartalet på årets kappleik vart lågare enn sist, og det er klart at det må gjerast ein større innsats for å nå ut til fleire i førekant av neste års kappleik. Det vart tevla i spelemannslag, grupper og soloklassar innan spel på fele, hardingfele, trekkspel og song. Det har òg vorte tevla i pardans og lagdans, både i bygdedans og runddans. Vandrepremiane som sist vart delt ut i 2019, vart no delt ut på nytt til dei med høgast poengsum. I vokal var det Dag Vanberg, i spel var det Dagfrid Vallestad Brevik, og i dans var det Mari Andrea Ness og Atle Hoff. Dei to sistnemnde vann vandrepremiane for tredje gong på rad, og fekk dermed desse premiane til odel og eige. Dei yngste utøvarane i juniorklassene, fekk alle flott kopi av bilettrykk signert av Oddvar Torsheim.

På laurdagen vart det arrangert Smørbukkappleiken for dei mellom 0-16 år, der i alt 44 born deltok. Der kunne dei yngste vise fram eit innslag med song, dans eller spel. Etter at alle hadde framført sitt, leia Mari Andrea Ness og Elin Grytting ei økt med dans og leik. På slutten mottok alle ein velsmakande premie i form av noko godteri, mellom anna Smørbukk, i tillegg til ein diplom. Det vart òg delt ut diplom for mellom anna mest kreative kostyme og kulaste bukk (som i verbet bukk, og ikkje dyret).

I «Kappleikskafeen» vart det servert varm mat, middag og gode kaker kontinuerlig under kappleiken begge dagane. Dugnadsfolket i «kafeen» imponerte med all den gode maten dei «trylla fram» på kort tid.

«Vi i arrangementskomiteen vil spesielt takke alle dei dyktige dugnadsfolka som har gjennomført kappleiken på ein svært god måte. Førde barneskule viste seg å vere ein god kappleiksarena der vi hadde tilgang til stort kjøken, øvingsrom og scene. Gymsalen med tregolv var også godt eigna til dansarane. Vi er svært godt nøgde med kappleiken og takkar dagleg leiar og styret i Sogn og Fjordane Folkemusikklag for god hjelp med informasjon og råd under planlegging og gjennomføring.» seier leiar i komiteen Rigmor Bjørkedal. «Vi sender stafettpinnen vidare til Eid der Eid spelemannslag, Vindfylla spelemannslag og Nordbygda spel- og dansarlag skal samarbeide om å arrangere Sogn og Fjordane -kappleiken i 2024.»