Bli med på Smørbukkappleiken 2024 laurdag 6. april kl. 13-15 på Operahuset på Nordfjordeid.

Smørbukkappleiken er for born og unge mellom 0 og 16 år som vil vise fram ein slått, song eller dans, anten åleine eller i gruppe!

Alle som deltek kan vente ein søt og smakfull deltakarpremie!

Det vert ekstrapremie for årets beste utkledning. Det kan vere eit artigt kostyme eller drakt/bunad eller noko anna. Det vert òg premie for beste bukking etter innslaget. Det kan dukke opp andre ekstrapremiar òg!

Påmelding skjer via epost til post@folkemusikklaget.no. Oppgje namn på deltakarane, òg om det er ei fleire deltakarar i ei gruppe (for å få diplomar), kva dei skal spele og evt. om han/ho har noko allergiar f.eks. nøtter eller laktose.

Smørbukkappleiken vert arrangert av Sogn og Fjordane folkemusikklag i høve Sogn og Fjordane-kappleiken 5.-6. april på Operahuset på Nordfjordeid.