Vedtekter for Fylkeskappleiken

VEDTEKTER
FYLKESKAPPLEIKEN I SOGN OG FJORDANE.
1. INNLEIING
 § 1.        FolkOrg sitt gjeldande tevlingsreglement skal vere retningsgjevande for Fylkeskappleiken.
 
 § 2.        Sogn og Fjordane Folkemusikklag skal i samarbeid med lokal tilskipar syte for at det vert lagt ei verdig råme for kappleiken.
 
2. FØREMÅL
§3.          Målsetjinga er å samle deltakarar, andre utøvarar innan folkemusikk- og dans, samt andre interesserte elles for å styrkje interessa for folkemusikken og – dansen i regionen. Særleg viktig er det å ta vare på det lokale mangfaldet i dialektar og tradisjonar innan spel, song og dans
 
3. TILSKIPING
 § 4.        Fylkeskappleiken skal vere ei årleg tilskiping i samarbeid mellom SFFL og eit lokalt medlemslag i SFFL. Lokal tilskipar kan knytte til seg andre samarbeidspartar i tillegg.
§ 5.         Lokallaget som ønskjer å vere lokal tilskipar søkjer SFFL om å vere teknisk arrangør av kappleiken. Er det fleire søkjarar, avgjer styret i SFFL kven som skal ha tilskipinga. Det bør leggast vekt på at kappleiken vert halden flest mogeleg stadar i fylket.
 
4. ØKONOMI
§ 6.         Overskot vert fordelt slik: 90% til lokal tilskipar og 10% til SFFL.
Eventuelt underskot vert å drøfte mellom styret i SFFL og lokal tilskipar.
 
§ 7.         Det skal vere eit rimeleg forhold mellom deltakaravgift og premiering.
Generelt følgjer ein FolkOrg sine retningslinjer når det gjeld deltakaravgift.
 
§ 8.         Deltakarbilletten gjev fritt tilgjenge til dei vanlege tilskipingane under           Fylkeskappleiken. Dette gjeldalle deltakarar. Enkeltutøvarar, grupper og lag kan ikkje krevje økonomisk godtgjering for dansespel,     o.l
 
5. TEVLING
§ 9.         På fylkeskappleiken skal klasseinndelinga vere slik:
                Spel fele/hardingfele: A, B, C, D
                Dans fele/hardingfele: A, B, C, D
                Vokal: A, B, C, D
                Lausdans: A, B, C, D
                Andre folkemusikkinstrument: jr., sr.
                Gruppespel fele/hardingfele: sr.
                Lagspel fele/hardingfele: sr.
                Spel, solo runddans: jr., sr.
                Gruppespel, runddans: jr., sr.
                Lagspel, runddans: sr.
                Dans, runddans: jr., sr.
                Open klasse
                Samspel: jr.*
                Lagdans, bygdedans: jr., sr. (3 par jr. og 4 par sr.)
 
                I tillegg er det ope for rekruttklassar.
Deltakarar heimehøyrande utanfor fylket stiller i eigne gjesteklassar.
I klasse C og D kan ein sjølv velje om ein ønskjer å tevle som par eller som følgje dersom berre den eine er over 60 år.
               
Tevlingane skal elles avviklast i tråd med FolkOrg sitt gjeldande tevlingsreglement.

*Samspel jr. går inn for gruppespel og lagspel jr.
 
§ 10.       Alle deltakarar på Fylkeskappleiken skal vere medlem av FolkOrg.
 
6. DØMMING
§ 11.       SFFL har ansvar for å peike ut sakkunnige dommarar. Det skal vere tre domarar i kvar av desse    tevlingsgreinene:
  • spel, soloklassar i hardingfele, fele og andre folkemusikkinstrument, gruppe- og lagspelklassar.
  • dans
  • vokal 
§ 12.       Dommargjerninga er å rekne som eit tillitsverv og blir ikkje godtgjort økonomisk. Lokal tilskipar skal dekke opphaldsutgifter for dommarane, samt dekke reiseutgifter skal etter     gjeldande satsar i statens reiseregulativ. FolkOrg sitt tevlingsreglement gjeld ved spørsmål om habilitet.
 
7. PREMIERING
§ 13.       Lokal tilskipar skal følgje FolkOrg sitt tevlingsreglement når det gjeld premiering. Rekruttar skal ikkje ha poeng eller vanleg premiering, men kan få munnleg tilbakemelding.
 
8. UNNTAK FRÅ VEDTEKTER
§ 14.       Lokal tilskipar som ønskjer å gjere unntak frå desse vedtektene må søkje styret i SFFL.
 
Reviderte vedtekter for Fylkeskappleiken vedteke i styremøte 30.05.2016.
 
 
FolkOrg sitt tevlingsreglement og dommarskjema: http://folkorg.no/kategori/tevling/tevlingsreglement-og-skjema/
 
| Mer++