Påmeldingane til kappleiken i Stryn kulturhus komande fredag og laurdag er svært gode. Særleg ser det ut til at spelemannslaga i fylket er aktive, med heile 11 lag som vil spele til dans laurdagskvelden. Unge dansarar vert det og fleire av på scena, mykje takka vere ekstra god rekruttering i Gaular.

- Vi vil tipse folk om å få med seg konserten som set i gang kappleiken fredag kveld kl 19.30, etter at ordførar Sven Flo har helsa velkomen til Stryn, seier kappleiksleiar Arne M. Sølvberg.

På konserten møtest 22 veteranar som har hevda seg i toppen i felespel, torader, munnspel, song og dans både på fylkesplan og landsplan. Alle har passert 60 år og kan kalle seg D-klassingar i kappleikssystemet om dei vil, men denne kvelden slepper dei seg laus utan andre dommarar enn publikum. Etter konserten vert det tevling i runddans og spel av solistar og grupper til dansande publikum fram til midnatt og avslutning med premieutdeling for fyrste kappleiksdagen.

Laurdagen vert innhaldsrik med både tradisjonell kappleik frå kl 11.00 og Smørbukkappleiken for dei aller yngste kl 13.00. Då vil heile 67 born spele, synge og danse, og dei fortener mykje folk i salen og sterk applaus.

Kappleiken har og lagt inn i programmet ein platesleppkonsert. Den rykande ferske CDen «Fjellmann» inneheld berre sjølvlaga slåttar av Arne M. Sølvberg. Med seg på plata og konserten har han Øyvind Lyslo på gitar og Tom Karlsrud på trekkspel.

Stryn kulturhus held open kafe begge dagane, og laurdag vert det høve til å kjøpe seg middag.

Kappleikshelga i Stryn vert avslutta søndag med årsmøte i Sogn og Fjordane folkemusikklag.