UngLåt er kurset for deg som er mellom 9 og 18 år, og folkemusikk- og folkedansinteressert. Det vert kurs i folkedans, hardingfele, fele, song, toradar og trekkspel.
På UngLåt 2022 kan du:
- Bli med på mykje leik og moro
- Å lære nokre triks på instrumentet eller dansegolvet
- Delta på arrangement og spele konsert på Førdefestivalen
- Møte nye venner og skape minner for livet!
Meir info om påmelding, timeplan, instruktørar og anna kjem etter kvart!
Kurset går parallellt med Førdefestivalen aom skjer frå 6.-10- juli, slik at foreldre kan delta på festivalen medan barna deltek på kurs dersom dei ynskjer det.

HUGS Å SETJE AV DATOEN 6. - 8. JULI!