Bli med på Smørbukkappleiken 2023 laurdag 15. april kl. 13-15 på Førde barneskule!

Smørbukkappleiken er for born og unge mellom 0 og 16 år som vil vise fram ein slått, song eller dans, anten åleine eller i gruppe!

Alle som deltek kan vente ein søt og smakfull deltakarpremie!

Det vert ekstrapremie for årets beste utkledning. Det kan vere eit artigt kostyme eller drakt/bunad eller noko anna. Det vert òg premie for beste bukking etter innslaget. Det kan dukke opp andre ekstrapremiar òg!

Smørbukkappleiken vert arrangert av Sogn og Fjordane folkemusikklag i høve Sogn og Fjordane-kappleiken 14.-15. april på Førde barneskule.

Klikk på lenkja for å melde deg/dine på:  https://forms.gle/jc2vP27vSJVvaCir6