Smørbukkappleiken er ein uformell arena der barn og unge får synge, spele og danse for kvarandre, og møte andre unge i fylket med same interessen. Det er veldig fint om de sender inn påmeldingar på grupper/lag til post@folkemusikklaget.no Påmeldingsskjema: Påmelding Smørbukk 2019.doc

Det er inga nedre eller øvre aldersgrense for deltaking, og det er plass til alle, uansett nivå. Alle som deltek får Smørbukk-karamellar i premie. I tillegg vil det vere ein eigen jury som kårar Årets Smørbukk - ei utmerking til den/dei som utmerkjer seg på ein positiv måte i høve til formidling, kreativitet og musikalsk innleving. Vi oppmodar alle om å tenkje kreativt og ta med godt humør, for det er slett ikkje utenkjeleg at det vankar nokre ekstrapremiar.

Smørbukkappleiken startar med registrering og kappleik kl. 13:00, etterfulgt av leik og moro før premieutdeling. Det kostar ikkje noko å delta. Smørbukkappleiken er samlokalisert med Fylkeskappleiken 2019, og det vil vere høve til å kjøpe kaffi, kaker, påsmurt og anna i Stryn kulturhus.