Sjølve tevlingane under Vestlandskappleiken finn stad på Jostedal samfunnshus (sjå biletet over). Den ligg rett ved Jostedal skule (denne finn du på Google Maps om du brukar det), ca. 30 min frå Gaupne.

Dei som ynskjer overnatting i hotell, hus, hytter m.m. kan ta kontakt med Jostedal Hotell ved Laila Gjerde på tlf. 99225049 eller e-post post@jostedalhotel.no. Det vert sett opp busstransport mellom kappleiken og hotellet til oppsette tider.

Kontakt Erling Bjørn Vigdal om overnatting i skulebygg: ebvig@online.no / 916 25 770. Prisen for overnatting i klasserom er sett til kr. 100/born og 200 for vaksne. Merk at laga som ynskjer å overnatte i klasserom må sjølve stille med vakne nattevakter.