Påmeldinga er no stengt.

Om du ikkje fekk meldt deg på innan fristen, men har frykteleg lyst til å delta, ta kontakt med tevlingsleiar Åslaug Timenes Bell - aaslaugbell(a)gmail.com - så får du nok vere med likevel.

 

Deltakaravgift: junior kr 100,- / senior kr 200,- pr. start

Merk dykk at tevlingane fredag kveld vert på Askvoll Samfunnshus. Vi nyttar øvingsrom på Askvoll skule, 1,5 km unna. Berre moglegheit for finstemming på samfunnshuset. Vi kan hjelpe med frakt av instrument og folk mellom arenaene ved behov. Tevlingane laurdag vert på Askvoll skule.

For å få med så mange deltakarar som mogleg, har vi fått lov å gjere følgjande dispensasjonar frå FolkOrg sitt tevlingsreglement:

  • Vi opnar for å stille med 3 par i lagdans junior og 4 par i seniorklassa.
  • Ein dansar kan delta i to danselag – med dans i ulik taktart/ulik karakter.
  • Eit dansepar kan delta både i dans kl A og B – med ulike dansar.
  • Ein person kan delta i to grupper/lag med same komp-instrument.

Ynskjer du/de å spele til dans fredag eller laurdag? Skriv dette som kommentar på påmeldinga!

Spørsmål om tevling? Kontakt Åslaug Timenes Bell, aaslaugbell(a)gmail.com / 995 90 889