Fylkeskappleiken i Sogndal 2.-3. mars

Nesten 220 deltakarar i Sogndal

I skrivande stund er 219 einskilddeltakarar påmeldt Fylkeskappleiken i Sogndal.

Med 72 startnummer og 374 personar i desse startnummera, teiknar det til å verta ein velfylt og variert kappleik. Sidan ein del deltakarar stiller i fleire klassar (rekorden er fem), er dette 219 einskilddeltakarar ein dag før kappleiken byrjar. Særleg gledeleg er det med mange juniorar og C-klassingar, heile 34 i talet.

Faksimile frå Sogn Avis 28.2.18

Faksimile frå Sogn Avis 28.2.18

| Mer++