Mokurset er eit sommarkurs i folkemusikk og -dans, og har vore arrangert årleg sidan 1984. Mokurset er det eldste kurset av sitt slag i landet, og også det einaste som har ein særleg fokus på folkemusikk- og dansetradisjonar frå Vestlandet.
 
MEISTERKLASSE på fele og hardingfele med Einar Olav Larsen
Dette tilbodet er for vidarekomne, på fele og hardingfele. Meisterklassen fokuserer på interpretasjonsøvingar med fokus på ulike spørsmål og problemstillingar, og med innslag av faglege refleksjonar og diskusjonar kring interpretasjon, teknikk og musikkforståing. Det vert lagt stor vekt på samspel og arrangering av slåttar.

 

SONG OG SPELKURS
På song- og spelkursa står den tradisjonelle gehørbaserte lærnga i fokus, og det vert undervist i grupper på ulike novå. Deltakarane får gjennom gruppeundervisning og individuelle timar lære tradisjonell folkemusikk og rettleiing i teknikk. Det er lagt opp til ei rekkje fellesfag som dans, dansespel, scenisk formidling, samt valfag. Kvar kveld er det konsertar og dans, og veka er prega av mange fellesakrivitetar for alle kursdeltakarane.
HARDINGFELE: Håkon Høgemo, Britt Pernille Frøholm
FELE: Torfinn Hofstad
DURSPEL/TREKKSPEL: Mads Erik Odde
SONG: Malin Alander
 
 
FOLKELEG DANS
- for unge: 
Folkeleg dans er eit kurstilbod for unge. Gjennom gruppeundervisning får deltakarane lære tradisjonell dans, vals og reinlender så vel som halling og springar. Dei får utforske samspelet mellom musikk og dans, ulike teknikkar, balanse og flyt og driv i dansen.
 
MINI-MO
- for born mellom 6-9 år: Mari Midtli
Mini-Mo er eit dagskurs i song, spel og dans for deg mellom 6-9 år, tysdag 9. juli kl. 12.00-15.30.
12.00 - oppmøte og lunsj
13.00 - spel, song og dans
15.30 - Program ferdig, mogleg å vere med på middag
 
Mini-Mo kostar kr. 200,-.
 
PÅMELDING
Påmelding innan 1. juni
 
Påmeldinga er bindande, og du vil motta faktura for kursavgift på e-post. Kursavgifta skal vere betalt før kurset startar. Vi gjer også merksam på at manglande betaling ikkje er gyldig som avmelding.
 
Minstealder for å melde seg på Mokurset er 9 år. Det er inga øvre aldersgrense. For å melde deg på kurs i hardingfele, fele, trekkspel eller durspel, må du ha spelt i minst 2 år.
 
PRISAR
Meisterklasse, song,- spel- og dansekurs kr. 3 200,- (søskenmoderasjon kr. 400,-) 5% rabatt på alle kurs for medlemmer i Sogn og Fjordane Folkemusikklag. Alle prisar inkluderer overnatting og mat på kursstaden Mo og Øyrane vgs.
 
Mini-Mo kr. 200,- (inkluderer lunsj og middag tysdag 9. juli på kursstaden Mo og Øyrane vgs.)

VELKOMEN!
 
Ole Nilssen (kursleiar)
Kurset er støtta av: Førdefestivalen, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Rådet for folkemusikk- og dans, KOMP, Lerum, Luster sparebank, Tine og Sparebanken Sogn og Fjordane