Utklipp kurstilbod

Mokurset 7.-12.juli 2013:

Kurstilbod 2013

Årets Mokurs har eit rikt tilbod på opplæring. Her vert kurs i spel,song,innføring i folkeleg dans og meisterklasse i fele/hardingfele.

Song- og spelkurs

På song- og spelkursa står den tradisjonelle gehørbaserte læringa i fokus, og det vert undervist i grupper på ulike nivå. Deltakarane får gjennom gruppeundervisning og individuelle timar lære tradisjonell folkemusikk og rettleiing i teknikk. Det er lagt opp til ei rekkje fellesfag som dans, dansespel, scenisk formidling, samt valfag. Kvar kveld er det konsertar og dans, og det er også mange fellesaktivitetar for alle kursdeltakarane.

 

Folkeleg dans, innføringskurs

I år presenterar Mokurset innføringskurs i folkeleg dans. Hovudsakeleg rettar kurset seg inn mot tenåringar frå 12 år og oppover, men sidan det er eit innføringskurs, passar kurset for alle aldrar viss du er interessert å lære grunnleggjande dansekunnskapar innan folkedans. Fokuset vert lagt til opplæring i tradisjonell folkedans, samt ulike spørsmål knytt til sjangeren: samspelet mellom musikk og dans, snuteknikkar, balanse, flyt og driv i dansen og personleg uttrykk.

 

Meisterklasse på fele/hardingfele

Meisterklassen fokuserar på interpretasjonsøvingar med testing av ulike spørsmål og problemstillingar, og med innslag av faglege refleksjonar og diskusjonar kring interpretasjon, teknikk og musikkforståing. Det vil også verta lagt opp til noko gehørbasert slåttelæring som praktiske øvingar. 

| Mer++