Mokurset, 9.-14. juli 2017

INSTRUKTØRAR 2017

Mokurset 2017 byr på nokre av dei fremste aktørane innan norsk folkemusikk. Les om årets instruktørar her.

MEISTERKLASSE - i samarbeid med Førdefestivalen
SAMSPEL MELLOM FELE OG HARDINGFELE
Bjorn Kaare Odde 120x120.jpgBJØRN KÅRE ODDE
Bjørn Kåre spelar folkemusikk frå Gudbrandsdalen og er eit nytt ledd i ein lang familietradisjon med felespelarar i Garmo i Lom kommune. Bestefaren hans, Bjørn Odde, har vore ein viktig læremeistar, men han har også gått i lære hjå andre kjente namn som Knut Kjøk, Amund Bjørgen, Vegar Vårdal og Per Sæmund Bjørkum. Sidan 10-årsalderen har han delteke på kappleikar og festivalar og har, sin unge alder til tross, hevda seg i A-klassa på Landskappleiken sidan opprykket i 2010.
 
 
SONG- OG SPELKURS
SONG
Malin+Victoria+Alander+-+fotoKnutUtler_2sk.jpegMALIN VICTORIA ALANDER
Malin Alander kjem frå Sandane i Sogn og Fjordane og går utøvande folkesong ved NMH der ho har Unni Løvlid som lærar. Ho vart interessert i folkemusikk då ho var rundt 12-13 og starta då å gå i lære hos Elin Grytting. I 2015 var ho med i talentprosjektet til Førdefestivalen der ho var ein av tre som representerte Noreg i samarbeidsprosjektet med Iran og Armenia. I 2016 var ho ei av fire kvinnestemmer i bestillingsverket til Osafestivalen som fekk strålande kritikkar. Malin er spent og gler seg til sitt aller første Mokurs!
 
 
FELE
arne.m.sølvberg.jpegARNE M. SØLVBERG
Arne M. Sølvberg er folkemusikknestor frå Stryn, og har gjennom heile livet vore ein svært aktiv spelemann og dansar. Utøvande og pedagogisk arbeid har gått hand i hand, og han står bak ei rekkje plateutgjevingar og fått tildelt heidersutmerkingar; For plata Nordfjordslåttar (2006) fekk han Spellemannprisen, og i 2010 fekk han H. M. Kongens fortenestemedalje i sølv for sin innsats for norsk folkemusikk. Det er fleire år sidan Arne sist var instruktør på Mokurset, men kjem no att med liv og lyst til å instruere dei unge.
 
Mari_foto_Janne Rugland_MG_3456.pngMARI SKEIE LJONES
Mari Skeie Ljones er felespelande lillehammering som bur i Oslo. Ho brenn for å lage eit bra miljø for Unge folkemusikarar i Oslo, og er kulturskulelærar i byen. Mari har sjølv vore elev på Mokurset, og gir den veka mykje av æra for øvingslysta i tenåra. Mari speler så mykje ho kan, blant anna gjennom Spring du fela (nyskrivne låtar til ære for gamle folkemusikkheltar), Når morgonfrosken syng (bornemusikk for store og små) og med Janne Hea (lavmælt, poetisk country). Lytt meir til musikken til Mari her: mariskeieljones.com
 
ingeborg sommer.jpgINGEBORG ULBERG SOMMER
Ingeborg starta å spele fele i tidleg alder. Allereie i første klasse fekk ho tilbod om feleopplæring i kulturskulen på Røros med Mari Eggen som lærar. Etter tre år på folkemusikklinja på Vinstra gjekk ho vidare med felespelet. Først eitt år på Ole Bull Akademliet på Voss, og no på Norges Musikkhøgskule i Oslo der ho tek ein bachelor i utøvande folkemusikk. Ingeborg er aktiv i fleire grupper og spelemannslag som Glåmos Spelemannslag, Gudbrandsdølenes Spelemannslag og Huset bortenfor skogen.
 
 
DURSPEL/TREKKSPEL
Nilssen05.jpgOLE NILSSEN
Ole Nilssen frå Løten, har trass sin unge alder utmerka seg som ein av Noregs fremste folkemusikarar og -dansarar. Han kjem frå ei folkemusikkslekt på Hedmarken der far og bestefar har vore læremeistrar gjennom oppveksten. Nilssen er mykje nytta som dansespelemann, ensemblemusikar og instruktør både i dans og spel. Han har utdanning frå Folkemusikklina på Vinstra og går på Noregs Musikkhøgskule med trekkspel som hovudinstrument. Ole har og utdanning i tradisjonsdans frå NTNU.
 
 
 
HARDINGFELE
alexander røynstrand.jpeg
ALEXANDER RØYNSTRAND
Alexander Aga Røynstrand kjem frå Granvin i Hardanger. Han byrja å spela hardingfele med Knut Hamre som lærar i kulturskulen berre 7 år gamal, og har seinare hatt læremeistarar som Åse Teigland, Steinar Rygg, Jan Beitohaugen Granli, Torgeir Straand, Frank Rolland, Susanne Lundeng og  Øystein Velure for å nevne nokon. Han har delteke på ei rekkje kappleikar og arrangement sidan han var 12 år og har studert folkemusikk ved Høgskolen i Telemark og ved Ole Bull Akademiet på Voss.
 
 
 
Maria.pngMARIA SKJELDRUM TOPPE
Maria Skjeldrum Toppe er frå Bergen, og spelar hardingfele. Ho er aktiv i folkemusikkmiljøet i Bergen, som dansespelemann og instruktør i dans og spel. Maria er ferdig utdanna musikkterapeut ved Griegakademiet, og har skrive masteroppgåve om folkemusikk og folkedans i møte med born frå ulike kulturar. Ho har mange gode minner frå då ho sjølv var elev på Mokurs, og gledar seg til å kome attende som lærer.
 
 
 
mathildeskjæret.jpgMATHILDE SKJÆRET
Mathilde Skjæret kjem frå Jostedalen. Ho begynte å spele hardingfele då ho var 7 år, og har delteke på fleire kappleikar og Mokurs sidan den gong. Mathilde gjekk på musikklinja på Firda vidaregåande skule og skal til hausten studere folkemusikk på Ole Bull akademiet på Voss. I sommar har Mathilde fått fri frå sin vanlege jobb for å vere lærar på Mokurs, og det gler ho seg veldig til!
 
 
| Mer++