Nok ein gong gjer smitteverntiltaka det vanskeleg å planlegge ein kappleik. Difor vedtok Jostedal spel- og dansarlag å avlyse årets kappleik. Årsmøtet i Sogn og Fjordane Folkemusikklag som brukar å vere på søndagen etter kappleiken vert likevel halde som nettmøte søndag 27. mars kl. 12. Informasjon om dette vert sendt på epost til lagets medlemmer seinast 20. februar.