Innbyding til Fylkeskappleiken i Sogn og Fjordane 2019

Spelemannslaget Fjelljom og Sogn og Fjordane folkemusikklag byr inn til fylkeskappleik i Stryn kulturhus 29.-30. mars 2019. Den tradisjonelle Smørbukkappleiken for dei yngste utøvarane er og lagt inn som ein del av programmet laurdagen.

Stryn kulturhus er kjent for sin gode akustikk på tre tidlegare fylkeskappleikar, og berre speling til dansande publikum vert lydforsterka. Dansetevlingane er og særs publikumsvenlege i den store amfisalen. Matserveringa og alle øvingsromma finn vi i same huset.

Vi startar kappleiken med ein konsert fredags kvelden som har fått namnet «Super-D utan dømming». Namnet fortel dermed at alderskravet for å verte spurd om deltaking er 60 år, og dei aller fleste er tidlegare (og framleis) A-klassingar.

Tevlingsreglar:
Fylkeskappleiken følgjer FolkOrg sitt reglement med desse avvika:

  • Fele og hardingfele er samla i same klasse.
  • I lagdans junior er det berre krav om minimum 3 par.
  • I pardans runddans junior vert det tevla berre i reinlendar.
  • (Merk og at ein no nyttar FolkOrg sitt regelverk i pardans runddans senior med alle fire danseartane.)

Premiering etter FolkOrg sine reglar, d v s premie til dei tre beste i kvar klasse og i tillegg deltakarpremie til alle i juniorklassane. Vandrepremiar i spel fele/hardingfele, dans og vokal.

Påmelding på nett: http://tevling.folkorg.no/login/. Deltakaravgifta betalast der samtidig. Skulle nokon få vanskar med den elektroniske påmeldinga, så ta kontakt med tevlingssjef Antonia Karete H Kongsvik på tlf 90999988 eller epost antonia.karete.haugen.kongsvik@mrfylke.no

Deltakarar utanom Sogn og Fjordane er og hjarteleg velkomne til å delta. På premielista vert dei skilde ut i gjesteklassar.

Påmeldingsfrist 20. mars.

Deltakaravgift:
Vi nyttar det nye systemet der det er ein sats for fyrste gong namnet vert påmeldt, og ein redusert sats for kvar ekstra påmelding av same personen. For Senior er satsane 200,-/100,- og for junior 100,-/50,-. Det er same satsane om ein deltek i solo, par eller lag.

Overnatting:
Stryn er ein stor reiselivskommune med bra overnattingstilbod. I sentrum ligg Stryn hotell som har rabatt for dei som overnattar i samband med kappleiken. Elles finn du oversyn for overnatting på https://www.nordfjord.no

Spørsmål om kappleiken elles kan rettast til leiar for hovudnemnda, Arne M. Sølvberg, tlf 48151317 eller epost arnsoelv@frisurf.no

FØREBELS PROGRAM

Fredag 29.03:

1800:   Kappleikskontoret i kulturhuset opnar for billettsal og registrering.

1930:   Konserten «Super-D utan dømming».

2100:   Tevling i runddans:

Solo fele/hardingfele jr/sr

Solo durspel jr/sr

Solo andre instrument jr/sr,

Lagspel trekkspel/durspel

Gruppespel runddans (gammaldansgrupper)

Pardans runddans (4 dansar for senior og berre reinlendar for junior)

Lagdans runddans (1 dans valfritt) 

Finale pardans runddans.

            Alle speltevlingane går til dansande publikum.

2400:   Premieutdeling og deretter slutt for kvelden.

 

Laurdag 30.03:

0900:   Kappleikskontoret opnar for billettsal og registrering

1100:  Spel fele/hardingfele C og B

            Dans C og B

1300:   SMØRBUKKAPPLEIKEN

1600:   Lagspel fele/hardingfele

1700:   Samspel junior

Vokal C, B, D og A

            Eldre folkemusikkinstrument

            Durspel bygdedans solo

            Open klasse

            Dans D og A

            Spel fele/hardingfele D og A

2000:   Lagspel runddans. Dansande publikum. Kvart lag spelar 4 slåttar, og 2 av desse er teljande. Ein bygdedans eller helst to vert organisert mellom kvart lag.

2400:   Premieutdeling og avslutning.