Foto: Erling Moxnes

Stipend til unge hardingfeleutøvarar:

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES MINNEPRIS

Styret for Audhild Flaktveit Moxnes Minnepris ønskjer framlegg til kandidatar. Minneprisen er på kr. 10 000 og skal gå til ein lovande hardingfeleutøvar frå Vestlandet som er i C-klasse alder. Prisen vert delt ut i samband med Vestlandskappleiken i Granvin, 3.-5. oktober 2014.

Heile utlysingsteksten er lagt ut nedanfor.

FRIST for innsending av forslag er 15. september 2014!

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE

-TILDELING HAUSTEN 2014

 

Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen.

Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend. 

Minneprisen skal delast ut på Vestlandskappleiken 2014, og er på kr.10.000,-.

Kappleiken finn stad i Granvin, Hordaland  3. – 5. oktober 2014.

FRIST for innsending av forslag er 15. september 2014.

Forslag skal sendast til:

Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen

e-post: kontoret@bergen.ungdomslag.no

Merk konvolutten/e-posten ”Minnepris 2014”.

For meir informasjon, sjå www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/

 

TIDLEGARE VINNARAR AV AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES MINNEPRIS:

2012: Nikolai Storevik

2011: Mathilde Skjæret

2010: Ingeborg Hollekim Bringslid

2009: Maria Skjeldrum Toppe

2008: Erlend Apneseth

2007: Alexander Røynstrand

| Mer++