
Gnist-prisen 2024
Gnist-prisen på kr. 15 000,- vert delt ut til eit lag som driv med opplæring i folkedans for barn og unge. Nominer din kandidat innan fredag 24.mai!
Gnist-prisen på kr. 15 000,- vert delt ut til eit lag som driv med opplæring i folkedans for barn og unge. Nominer din kandidat innan fredag 24.mai!
Vestland fylkeskommune deler kvart år ut folkemusikkstipend. Dette skal oppmuntre til kunstnarleg utvikling og styrke og sikre arbeid med immateriell kulturarv. Søknadsfristen er 1. juni 2024. Det er eit stipend på 60.000 kr og to på kr. 25.000 kr for dei under 30 år.
Onsdag 7. mai kl. 19 vert det konsert med fløytespelar Silje Hegg, Matias Askvik og Tom Karlsrud i Ungdomshuset Fjelly i Borgund. Her kan du høyre mellom anna slåttar frå Sogn og Telemark.
Oppdatert 17. juni! Vi har endra litt på timeplanen i år, ved at det er litt ulik timeplan for dei frå 13 år og opp, i forhold til dei som er 12 år og ned. Du kan laste ned dei to ulike timeplanane ved å trykke på lenkja under. Merk at det kan førekome endringar!
Fredag 3. mai kl. 21 er det konsert med Magnus og Mats på Vangsgaarden Gastropub i Aurland.
No kan du lese årsmelding for 2023 og årsmøteprotokoll for årsmøtet 2024 her!
Folkedansespor er eit tiltak iverksett av Sogn og Fjordane folkemusikklag, og starta opp i 2023.
Folkemusikkprisen 2024, ein pris som vert delt ut annankvart år til nokon som har gjort særleg mykje for folkemusikken, vart delt ut på Sogn og Fjordane-kappleiken til felemakar og spelemann Harald Kvandal. Her kan du lese begrunninga.
Nok ein kappleik er no historie, og vi vil takke alle frivillige i Nordbygda spel og dansarlag, Vindfylla Spelemannslag og Eid Spelemannslag for ein kjekk og godt gjennomført kappleik!
Her kan du sjå resultatlista frå Sogn og Fjordane-kappleiken 2024.
Her kan du finne startlister for Sogn og Fjordane-kappleiken 2024.
Her ser du programmet for 2024. Merk at det kan førekome endringar før kappleiksstart. Siste endring var 31.3.
Bli med på TØFT-samliing på Viksdalen skule/samfunnshus 13. og 14. april! Det vert lynkurs i pols, dansekurs med hovudvekt på halling for ungdom frå 9 år, Små-TØFT for dei under 9 og dansekveld. Hugs å melde deg på innan 9. april!