19 born og unge var i år samla på Sunnfjord folkehøgskule, som vert kalle Førde sommarhotell i sommarmånadane. Kurset skjedde 2.-4. juli, med tilbod om å vere der til 5. juli dersom dei òg ville vere med på opningskonserten til Førdefestivalen. Dei var samla for å vere med på kurs i hardingfele, fele og trekkspel, men ikkje minst for å treffe gamle og nye kjende. Deltakarane kom både frå Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. På kurset fekk deltakarane gruppeundervisning av dyktige instruktørar, der fleire av dei var med som utøvarar på Førdefestivalen. Alexander Røyndstrand og Irene Bjørke var instruktørar i hardingfele for størsteparten av deltakarane. Jo Einar Janssen og Johanne Mjøs var instrukørane på felekurset og Kristina Bjørdal var trekkspelinstrukør. I tillegg var Emil Horstad innom for å halde eit lite minikurs på onsdagen. Tone Ingvaldsen var danseinstruktør, og underviste i ulike typar folkedans og leia mange kjekke leikar for deltakarane. Ho leia òg eit dropp-inn folkedansekurs på onsdagen som var ope for alle mellom 8-19 år, der til saman 13. På kurset vart det lært vekk ulike turdansar, reinlender, halling, springar og pols.

På onsdagskvelden fekk deltakarane på UngLåt prøve seg på ulike valfag, der dei kunne velge to av fylgjande valfag: "Dansefest på 1, 2, 3" med Tone og Jo Einar, "Rørospols" med Tone og Jo Einar, "Folkemusikksafari", altså litt folkemusikk i perspektiv, med Alexander, "Lytting" med Irene der deltakarane samla inn lydar og laga komposisjonar, "Bueleikar og andre leikar" med Johanne, og "Korleis lage 2. stemme" med Kristina. Elles så var pausane fylt med å utnytte fasilitetane på folkehøgskulen. Der var ping pong, biljard, fussball, shuffleboard og airhockey, i tillegg til ein heil gymssal som det var fritt fram å bruke som ein ville. Brettspela vart òg godt utnytta. Etter UngLåt-konserten på torsdagen, var den offisielle delen av UngLåt ferdig. Nokre reiste heim etter det, men 12 stykker var att for å vere med instruktørane på Opningskonserten til Førdefestivalen i Førdehuset. Der fekk dei oppleve folkemusikk frå heile verda i ein konsert, noko som var svært spennande. Etter konserten var det dans til Førde juniorspelemannslag, òg i Førdehuset, før deltakarane reiste kvar til sitt.

Vi vil takke alle deltakarar, instruktørar, frivillige, dei ansatte på Førde sommarhotell, Hordaland folkemusikklag og Førdefestivalen for eit kjekt kurs! Vi vil rette ein særleg takk til Sparebankstiftinga, Vestland fylkeskommune, Norsk senter for folkemusikk og folkdans, KOMP, Sunnfjord kommune og Luster sparebank for tilskota som gjorde kurset mogleg. UngLåt er eit viktig kurs for rekrutteringa på Vestlandet, og vi vonar at vi får arrangert kurset neste sommar òg. Dette er sjølvsagt avhengig av tilskot, og ikkje minst at kurset har godt med deltakarar. Difor oppfordrar vi alle til å reklamere så godt de kan for UngLåt til dei de kjenner det er aktuelt for.

Saknar du UngLåt eller skulle ønskje du var med, så kan vi òg tipse om å vere med på Vestlandskappleiken på Skei 4.-5. oktober, eller UngOsa på Voss 25.-27. oktober. Sistnemnde har påmelding 20. september.

Takk for denne gong!