Konsert med Naaljos Ljom

Førdefestivalen arrangerte konsert med Naaljos Ljom 4. april for ungdomskuleelevar. Dei inviterte 300 elevar og lærarar, og det kom 220 publikummarar til konserten. 200 elevar frå 8. og 9.klasse og 20 lærarar. Førdefestivalen ynskja at ei yngre målgruppe kunne få oppleve folkemusikk i ny drakt, og vi fekk oppleve tradisjonell norsk mikrotonal folkemusikk blanda med elektronikk. Festivaldirektør og frivilligansvarleg haldt ein kort introduksjon om festivalen og musikarane. Musikarane var bevisste sitt publikum og det vart eit fint samspel mellom musikarane på scena og publikum. Konserten vart heldt på Larris scene i Førde, og elevane fekk oppleve klubbkonsert med profesjonell lyd og lys. Førdefestivalen ytra òg ynskje om å hyre inn ein folkedansar til å undervise elevane i folkedans, men økonomien strakk ikkje til denne gongen. Likevel gav dei ungdomane eit inntrykk av kva folkemusikk kan vere, og skapte forhåpentlegvis ny interesse hjå elevane.


TØFT-samling og kurs i Viksdalen

Gaular spelemannslag skipa til ei TØFT-samling i Viksdalen laurdag 13. og søndag 14. april. På samlinga var det kurs i pols (dans) laurdagen, med Anne Grete og Rolf Bjørgan. Denne delen av samlinga var for alle aldrar, og deltakarane hadde eit aldersspenn frå 8-70 år. Heile 37 personar deltok, noko som truleg er rekord i Viksdalen. Laurdagskvelden vart det ein skikkeleg dansekveld, som òg samla folk i alle aldrar. Den yngste på golvet denne kvelden var 3 år, den eldste over 80. Det vart noko fellesdans, der alle vart oppfordra til å vere med. Det vart ein stor ring og god stemning i både marsj, familievals og finsk reinlender. Både erfarne og ferske dansarar vågde seg utpå golvet, og alle fekk oppleve både meistring og danseglede. Elles var det fri dans, og særleg ungdomane var aktive på golvet frå start til slutt i både springar, halling, runddansar, turdansar. Indre Sunnfjord spelemannslag, Jølstrabelgen og Egil Furenes spelte til dans gjennom kvelden. Søndag var det hallingkurs med Rolf Bjørgan for born og ungdom frå 9 - 18 år. Dette utvida halling-kunnskapen til 26 born og ungdom med kast, sprett og hallingsprell! Det vart òg ei god økt med «små-TØFT» på søndagen, med song og dans for born under 9 år, der born og foreldre/ besteforeldre fekk synge, danse og lære noko saman. Her var det Elin Pehrson Grytting og Mari Andrea Ness som var instruktørar. Repertoaret var lokale songar, songleikar og historier, samt dansar tilpassa aldersgruppa. På «små- TØFT» var det 14 born, frå 1,5 år (!) til 8 år - saman med foreldre/ besteforeldre. Denne TØFT-helga samla deltakarar frå Viksdalen, Sande, Holsen, Førde og Fjærland.


Danseundervisning på Hyen skule

Hyen spelemannslag hyra inn danseinstruktørane Mari Andrea Ness og Elin Grytting til Hyen skule til 5 dobbelttimar med 4.-10. klasse. I tillegg underviste dei på ungdomsklubben ved to høve. Dansane dei lærte på desse dobbelttimane fekk dei danse på Hyen spelemannslag sin dansefest 17. mai i Hyen. Der var i alt 23 stykker med, og det gav meirsmak for fleire av desse. Dei ville difor halde fram med dansing til hausten òg. Hyen forsøkte òg å få til eit spelekurs på fele, men dette hadde dei for få deltakarar til. Det vart likevel noko spelekurs for enkelte som hadde spelt tidlegare.


Folkesong, folkedans, songdans og leik med kvedargruppa i Hornindal spelemannslag

22 born var med på Hornindal spelemannslag sitt TØFT-prosjekt. Nokre var med i kvedargruppa til laget frå før, og nokre var nye òg. Den eine gruppa bestod av dei mellom 6 og 12 år, og den andre var med dei som var yngre enn det. Prosjektet bestod i øvingar/kurs med matpausar. På kursa lærte dei folkesongar, folkedansar, songdansar og leikar. Det dei lærte på kurset fekk dei synt fram på 17. mai og for dei eldre i Hornindal sanitetslag. Prosjektet var svært kjekt og sosialt for dei små. Den erfarne folkesongaren og pedagogen Oline Løvlid var leiar i kurset og stod for trykking av songhefter og matlaging. I tillegg var Anna Gjendem og Tove Elise T. Dale med som instruktørar.


Ferske steg i gamle spor

Breim spelemannslag tok initiativ til å setje i gong danseprosjektet «Ferske steg i gamle spor», som gjekk ut på å lære elevar i Gloppen kulturskule folkemusikk og folkedansar. Prosjektet kuliminerte i ei framsyning i Trivselshagen på Sandane 29. mai, der 26 elevar var med. Gloppen kulturskule tok ansvar for dansen i prosjektet og Breim spelemannslag for musikken. Distriksmusikar Henrik Silfverhielm og spelekvinne Helene Myklemyr Bolstad var med som instruktørar. Etter konserten kom det fram frå publikum, instruktørar og leiarar, at dette er eit spor som må følgjast vidare.


Pederhusets Vener på skulane i Gloppen

Pederhusets Vener gjennomførte eit formidlingsprosjekt med folkemusikk og folkedans i samarbeid med Gloppen Kommune i dagane 27.-29 mai. Musikar Sigrid Moldestad og folkedansar Mari Andrea Ness stod for prosjektet på vegne av Pederhusets Vener. I perioden besøkte dei alle barneskulane i Gloppen Kommune; Hyen Skule, Nordstranda Skule, Sandane Skule og Breim Skule. Under besøket fekk elevar 5.-7. klassane møte Sigrid Moldestad i ein liten minikonsert og samtale om og med folkemusikk, slåttespel og song. Her var elevane òg aktivt med. Deretter flytte dei til eit eigna rom for danseøkt med Mari Andrea, der dei fekk prøve seg på gamalt, springar, halling og polka/reinlender. Til saman varte kvart besøk ca. 1 time og 45 minutt. Prosjektet var i samarbeid med Gloppen Kommune, og var særs godt takka vere kontaktperson Olin Almenning frå kommunen. Opplevingar til Pederhusets Vener var at dette vart teke svært godt i mot, og tilbakemeldingane frå skulane til kommunen tyder på det same. Fleire uttrykte ynskje om å gjere meir av dette. Det er tredje gong dei gjennomførte slike besøk. Dei gjorde noko liknande både i 2019 og i 2022, då med besøk til Pederhuset i tillegg til at dei reiste til skulane, noko dei ynskjer å halde med i framtida òg.

 

Vi vil takke alle søkjarar, instruktørar, musikarar, deltakarar, publikum, frivillige, føresette og ikkje minst våre tilskotsgjevarar Furestiftelsen, Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Frifond, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, KOMP og FolkOrg!