Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
GB_I(c)PeterAhlbom

Landsfestivalen i gamaldansmusikk 2016

Styret i FolkOrg har vedteke at arrangørane av Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2016, vert Jostedal spel- og dansarlag og Gamlebanken spelemannslag, med Gaupne i Luster som arrangørstad.

Petter Eide 560x300

AVLYST: Jubileumsfest for Petter Eide

Den planlagde jubileumsfesten for Petter Eide laurdag 7. februar må dessverre avlysast på grunn av helsa til Petter. Dette gjeld både dansen i aulaen og programmet på museet. Petter vil takke alle som har engasjert seg og alle som hadde lyst å komme og feire han, men han ønskjer helst å ikkje få noko merksemd på dagen slik formen er no.

sigrid_moldestad_brevet_til_kjaerleiken 560x300

Sigrid Moldestad si plate kåra til årets album

Sigrid Moldestads «Brevet til kjærleiken» er kåra til årets album 2014 av «Under lupen» i Norsk på norsk. Albumet var det einaste som fekk toppkarakter seks gjennom radioprogrammet sine mange plateanmeldingar i løpet av 2014.

Vi gratulerer!

bilde (560x418)

Notehefte til sals

Notehefte frå Sogn og Fjordane til sals. Passar like godt som gåve til bursdag som til jul.

Arve + diplom_560x555_cropped_555x437

Kulturprisvinnar Arve Bjørn Røneid

Sogn og Fjordane Folkemusikklag gratulerer Arve Bjørn Røneid så mykje med tildelinga av Luster Kommune sin kulturpris for 2014.

Petter Eide 560x300

"Petter han spela og fela ho let" -Spelemann Petter Eide 90 år

Måndag 9. februar 2015 fyller Petter Eide 90 år. Han har gjennom eit langt liv engasjert seg i folkemusikk og folkedans. Vi vil difor heidre han med å lage til eit jubileum på Sandane, laurdag 7. februar. Denne kvelden vert det stor dansekveld i Aulaen på Firda vgs. Spelemannslag og folkemusikkgrupper i Sogn og Fjordane er inviterte til å spele til dansen, og alle som vil kome og feire Petter Eide er velkomne. Feiringa startar tidlegare på kvelden med kulturprogram på Nordfjord Folkemuseum.

Meir informasjon kjem seinare.

 

Håkon Høgemo (c) Synnøve Bjørset

Kurs med Håkon Høgemo

Tradisjonen tru arrangerer Jostedal spel- og dansarlag hardingfelekurs med Håkon Høgemo rett over nyttår. I år vert det i hovudsak fokusert på slåttar etter Lars Skjervheim, men det kan godt hende det blir høve til å lære andre godbitar også. Kurset startar fredag kl. 18.00 og held fram laurdag kl. 10.00. Det blir truleg også ei økt på søndag. Kursstad er Jostedal hotell.

Sigrid Moldestad Vintersong

Sigrid Moldestad på juleturne med Vintersong

Sigrid Moldestad kjem på førjulsturne. Ho kallar konserten ”Vintersong” og den vil med det ikkje berre innehalde julerepertoar, men også andre songar og låtar som passar den mørkaste årstida. Med seg på konsertane har ho eit venelag av flotte musikarar: Esbjørn Hazelius (Fele,gitar), Karl Johan Ankarblom (orgel, piano). Lisa Reuter(Cello), Linda Gytri (trekkspel), Anders Bitustøyl,(kontrabass) og Ole Andreas Olafsrud(Trommer). Vintersongturne har ni stopp på Vestlandet. Fullstendig konsertliste er lagt ut nedanfor.
 

Foto: Andreas Eikeseth Nygjerde

Julekonsert på Eikaasgalleriet

I regi av Sogn og Fjordane kunstmuseum inviterer folkemusikarane Erlend Apneseth, Margit Myhr og Anders Löfberg til julekonsert på Eikaasgalleriet fredag 19.desember kl. 20.00. Konserten tek utgangspunkt i eit utval julesongar og religiøse folketonar frå Hallingdal og vert i tillegg krydra med slåttar og eigne komposisjonar.

Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd

Adventskonsert med Erlend Apneseth og Margit Myhr

På vegne av folkemusikarane Erlend Apneseth og Margit Myhr inviterer Gaular Spelemannslag til ein varm og stemningsfull adventskonsert i Hestad Kapell søndag 14. desember kl. 1800. Publikum vil få høyre eit utval vakre julesongar frå Hallingdal sin rike vokaltradisjon, religiøse folketonar og eigne komposisjonar. Opplev to sterke folkemusikarar som soloartistar og i samspel, og nyt førjulsstemninga!  

Lutt2014

Luttprisen 2014

Dei ti finalistane i kampen om Luttprisen 2014 er klare. Blant finalistane finn vi folkemusikkarane Erlend Apneseth, Sigrid Moldestad og fjorårsvinnar Karl Seglem. Du kan stemme på din favoritt heilt fram til 8. desember. Luttprisen er NRK Sogn og Fjordane si kåring av årets artist i Sogn og Fjordane. Vinnaren får eit stipend på 25 000kr frå Sparebanken Vest og eit spesialtrykk frå Oddvar Torsheim.

Alvhild med medalje

Alvhild Eldal 1941-2014

Alvhild Eldal, aktiv og trufast medlem i Gaular  Spelemannslag, døydde 23.juli. Mest kjend var ho for arbeidet med å ta vare på og å føre vidare rosemålingstradisjonen på Viksdalen. Men Alvhild var ein allsidig kulturarbeidar  og tradisjonsberar og spelte bokstaveleg talt på mange strenger.

No events to display

SOGN OG FJORDANE FOLKEMUSIKKLAG