Sogn og Fjordane hadde gode representantar under årets Landskappleik som vart halde på Fagernes sist helg. Ei av desse var Unni Løvlid som gjekk heilt til topps i vokal klasse A. I dans fele kl. C vann Emma Nygård Sætren, (dansa med fylgje) frå Spelemannslaget Fjelljom, og i tillegg til førsteplassen vann ho FolkOrg-stipend 2015 - vi gratulerer!

Det var ikkje berre Emma som gjorde det skarpt i dans fele kl. C. Sigrid Sætren Bøe og Elling Sindre Syversbråten kom på delt tredje plass med Stine Fjellkårstad og Mathias Haugen, alle representantar frå Spelemannslaget Fjelljom.

Det var fleire gode spelemenn frå fjordfylket i dei ulike hardingfeleklassene og det kan nemnast at fleire gjorde det godt i klasse B. Av dei som gjorde det skarpast var Dagfrid Vallestad Brevik som endte på ein 2. plass med sitt andre napp - som vil seie at ho neste år stiller i eliteklassa, der ho vil tevle side om side med blant andre Gro Marie Svidal som i år endte på ein 4. plass.

I lagspelklassa kom Gamlebanken Spelemannslag på ein delt 3. plass saman med erkefienden Gudbrandsdalen Spelemannslag. Sistnemnte har dei siste fem åra krona øvst på resultatlista, men i år måtte dei slå seg slått av Lom Spelemannslag og Mukampen spel- og dansarlag som var i storform. Team GløsTøs kom på ein god 6. plass, Spelemannslaget Fjelljom på 14. plass og Indre Sunnfjord Spelemannslag på 16. plass.

Og endå var det fleire gode plasseringar. Sjå heile lista på FolkOrg sine heimesider her: http://folkorg.no/resultatlister-landskappleiken/