Dansarar, spelemenn og tilhøyrarar er hjarteleg velkomne til ei helg med mykje god musikk i eit triveleg miljø!


Fredag 21.august: 21.00 - 02.00
”Takk for sist- kveld” på Gaupnetunet hotell med dans og moro utover kvelden. Dette vert trangt og triveleg!

Laurdag 22.august
På Pyramiden kafè vert det konsert frå kl 1230 til ca 1400. Alle som deltek på festivalen er velkomne til å presentere litt av musikken sin. Her har ein frie hender, både grupper, duettar og solistar er velkomne. Kvart innslag får 5-15 minuttar til disposisjon, lydanlegg er på plass!
På Gaupnetunet hotell vert det lagt opp til buskspel heile helga! Frå kl 14 og utover ettermiddagen både fredag og laurdag inviterer vertskapet alle musikarar og andre interesserte til buskspelkos i hagen. Er det blautt i vèret trekker me innomhus. På Gaupnetun vert det litt meir uformell stemning og alle kan slengja seg på! Her vert det òg servert eigen festivalmeny.

Kl. 20.00 – 01.30 er det duka for stordans på Pyramiden kafè med dansespel på dugnad mellom orkestra som vanleg. Sal av mat og passande tilbehør.

Søndag 23.august
Tradisjonen tru byr vertskapet musikarar med familiar på pannekaker, saft og kaffi før heimreise.

Overnatting
Sandvik Camping/ Gaupnetunet: 57 68 11 53/ 957 81 491
www.pluscamp.no/sandvik
www.gaupnetunet.no

Ynskjer du/de å delta på Sogn gammaldansfestival?

Send ein e-post/ facebookmelding eller ta ein telefon/SMS til

Arve Bjørn Røneid
95076386
abron@online.no

innan 16/8 dersom du ynskjer å vera med!
Dansespel fredag kveld (30 minuttar)
Konsertspel laurdag (5-15 minuttar), innslag med «ny vri» krydrar programmet!
Dansespel laurdag kveld (30 minuttar)

Billettprisar
Musikarar på scena (konsert, dans eller institusjon): Gratis
Buskspelmusikarar kr 100 (gjennomgangsbillett)
Billett fredag: 100
Konsert laurdag: Gratis
Billett laurdag kveld 150 før kl 2100 og 200 etter kl 2100