Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele 2022 er tildelt Ida Mikkonen, født 2008, fra Bergen. Prisen, som er på 15 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken i Jostedalen laurdag 8. oktober.
Helga 19.-20.november inviterer Voss Ungdomslag og hardingfela.no til barneinstruktørkurs i folkedans. Kurset finn stad på Voss. Klikk her for påmelding og meir info!
Laurdag kl 20.00 vert det marknadsfest med dans for små og store til tonar frå Indre Sunnfjord Spelemannslag, toradargruppa i Naustedalen Spelemannslag, Egil Furenes frå Folkemusikklaget Havbrusen og «Viksdalen Juniorspelemannslag» med vener. Trykk her for å laste ned program og info om festen og marknaden.
4.-6. november arrangerar Norsk senter for folkemusikk og folkedans Ildsjelsamling i Trondheim . Her er det gode råd å hauste om korleis skape meir folkedansaktivitet i lokallmiljøet! Merk at det er kun 20 plassar, så her må ein melde seg på raskt. Info og påmelding finn du her.
Laurdag 8. okotber slapp Johanne Mjøs og Maria Toppe boka «Våre slåtter - et læreverk for hardingfele». I den anledning samlast born og unge frå ulike stader i Vestland til samspel i eit stort spelemannslag. Etterpå vart det sjokoladekappleik!
Høyr forfattar Arne Henning Årskaug, Viken-tolkar og formidlar Arne M. Sølvberg og gitarist Øyvind Lyslo framføre «Folkemusikken og forteljingane» fredag 21. oktober kl. 20 på Breim (Bd-huset), laurdag 22. oktober kl. 16 på Skei (Brunsj & Briller) eller søndag 23. oktober kl. 16 på Eldalstunet i Viksdalen.
15. oktober vert det kurs, konsertar og dansefest på Riksscena i Oslo med fokus på folkemusikk og folkedans frå Sogn og Fjordane. Sjå meir info om dagen her.
Det vert Fylkeskappleik (Møre og Romsdal) og distriktsmeisterskap på trekkspel og toradar i Ulsteinvik 21.-23. oktober! Klikk her for å sjå programmet.