FJALER:

Dalsfjorden spelemannslag har i samarbeid med Jorun Marie Kvernberg og Gabriel Fliflet gleda av å ønske velkomen til konsert på Straumsnes grendahus i Fjaler fredag 10.mars.
 
Tid: Fredag 10. mars kl. 20
Stad: Straumsnesvegen, 6969 Fjaler, Norge
 
Billettsal i døra.
Billettpris: 250 kr
 
Det vert høve til å kjøpe kaker og kaffi under konserten.
 
Etter konserten vert det dans med Dalsfjorden spelemannslag.
Bli med på ein kjekk kveld på Straumsnes. Ta med deg naboen!
 

STRYN: 

Duoen kjem òg til Stryn:

Tid: Torsdag 9. mars kl. 20
Stad: Ungdomshuset Fjellvarden på Fjelli

 

Ungdomshuset Fjellvarden har synt seg som eit glimrande konsertlokale med sin gode klang mellom tømmerveggane. Der har Spelemannslaget Fjelljom siste åra stått som vertskap for mange tilreisande toppartistar. Sist haust var det Storm Duo og sjølvaste Bukkene Bruse som skapte begeistring. No kan vi sjå fram til ein triveleg kveld med duoen Fliflet/Kvernberg torsdag 9. mars kl 2000. Billett til kr 200,- kan du kjøpe ved inngangen og betale kontant eller med vipps. Alle under 20 år går gratis.
Frå presentasjonen av dei to toppmusikarane kan vi mellom anna lese følgjande:
«Gabriel Fliflet er ein fargerik musikar og musikkmakar med trekkspel som hovudinstrument og med lang fartstid innan ei rekke ulike former for folkemusikk. Han vart kåra til Årets folkemusikar i 2011. Jorun Marie Kvernberg spelar fele, oktavfele, hardingfele og harpeleik og er ein av landets beste folkemusikarar. Ho har vunne Spelmannsprisen to gonger og er den einaste som har vunne den ærerike "Edvard-prisen" for komponering i sjangeren folkemusikk.
Gabriel og Jorun Marie renn over av speleglede – både når musikken toppar seg i høgspente kraftutladningar og når han flyt stille og poetisk. Dei følgjer kvarandre tett, både med underfundige smil og breie glis! Når tida er mogen, bryt dei ut i song.
Du får høyre tradisjonelle folketonar, men aller mest ny musikk laga av musikarane sjølve. Jorun Marie Kvernbergs musikk er prega av hennar oppvekst sentralt i spelmannsmiljøet i Romsdal. Her er luftige viser med plass til vemod og uventa svingar. Her er feleslåttar med mykje harpiks og mange glade knips. Musikken til Gabriel Fliflet er melodiøs, men med et eige tonalt særpreg; du kan spore tonar og rytmar frå både Hellas og Hardanger, finske skogar og nordsjøkystar.»
Dei to musikarane har på tidlegare konsertar hausta overveldande ros. Sjå berre kva avisa Herøyfjerdingen skreiv for nokre år sidan:
"Det er forskjell på musikere, også på profesjonelle musikere. Gabriel Fliflet og Jorun Kvernberg har alt. De behersker sin kunst til fulle. De formidler musikken til publikum med smil og øyekontakt. De viser en sånn overstadig glede over å spille at man som tilhører blir fullstendig forført."