
Gløymde du noko på Mokurset 2014?
Følgjande gjenstander ligg framleis igjen etter Mokurset 2014:
1. stk høyretelefonar, svart
1. stk høyretelefonar rosa/ svart
1 stk "teppe" til felekasse, grønt
1. stk "teppe" til felekasse,raud fløyel.
Følgjande gjenstander ligg framleis igjen etter Mokurset 2014:
1. stk høyretelefonar, svart
1. stk høyretelefonar rosa/ svart
1 stk "teppe" til felekasse, grønt
1. stk "teppe" til felekasse,raud fløyel.
Mokurset 2014 er i gong. 58 ungdommar og 10 instruktørar er samla til ei veke med kurs i spel på fele, hardingfele, trekkspel og toradar. I tillegg er kursleiinga og fleire frivillege i sving under kurset.
På kurset si facebookside ligg fleire foto frå sesongen.
Takk til våre sponsorar og støttespelarar: Sogn og Fjordane fylkeskommune, Førdefestivalen, KOMP, Rff, FolkOrg, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Tine Meieriet Byrkjelo og Lerum.
Det er også i år tilbod om meisterklasse på Mokurset. Meisterklassa vert arrangert i samarbeid med Førdefestivalen. I år er det samspel som står i fokus. Dei vidarekomne på fele/hardingfele får skreddarsydd opplegg med saman med dei vidarekomne trekkspelarane. Instruktørane er dei aller beste: Jorunn Marie Kvernberg og Øyvind Sandum. Så meld dykk på innan 1. juni! Duoen Kvernberg/Sandum kan også opplevast fredag 4.juli under Førdefestivalen!
I år tilbyr Mokurset også full kursveke for dansarar. Her vil du få lære norsk folkedans på ein kreativ måte. Kurset vil fokusere på god samdans og samspelet mellom musikk og dans. Gjennom kurset vil du i tillegg lære å bruke dansen kreativt saman med andre. I tillegg til sjølve dansen vil det også bli arbeida med improvisasjonsøvingar, koreografi og korleis ein dansar på ei scene.
Instruktørar vert to unge spreke jenter frå Hordaland. Silja Solvang som vil lære dykk å danse, og Maria Toppe er med både som musikar og dansar.