
GAMMALDANSPRINSESSA FRÅ NAUSTDAL
Ingrid Schei Stuhaug gjorde det skarpt i solo fele/hardingfele på Landsfestivalen i Lom sist helg.
Ingrid Schei Stuhaug gjorde det skarpt i solo fele/hardingfele på Landsfestivalen i Lom sist helg.
Unni Løvlid vann eliteklassa i vokal under Landskappleiken på Fagernes sist helg.
Spelemannsbrørne frå Paulen i Jølster var i si tid svært populære og ettertrakta. I tillegg til å vere gode musikarar var dei også gode komponistar, og har etterlete seg mange fengande slåttar.
Håvard Svendsrud spelte opp på Per Bolstad plass i Stryn laurdag 18.juli kl.1300. Svendsrud var i Stryn for å lansere den nyutgjevne Bolstad-CDen " Danser i gammel stil av Per Bolstad".
Årets Mokurs er over for denne gong, og før vi startar planlegginga av nytt kurs neste år tek vi ein velfortent ferie - det håpar vi de også gjer!
For 16. gong vert alle gammaldansentusiastar bede inn til eit nytt treff i Gaupne.
14 hardingfelespelande ungdomar slår seg saman på tvers av kommunegrensene.
Folkemusikkgruppa Boreas, med vår eigen Britt Pernille Frøholm i spissen, kjem til trivselsfylket Sogn og Fjordane og held konsertar 15.-19. mai.
Storefjelltreffen vart arrangert 1.-3. mai og der vart også treffen sin eigen hederspris delt ut, åttande året på rad.
Arrangørlaget og datoane er på plass!
Einar Eimhjellen har lagt ned eit stort arbeid i å finne ut korleis folkemusikken frå Noreg har utvikla seg i Amerika. Mange som utvandra til Amerika var spelemenn og heldt fram med å bruke musikken i sitt nye heimland.
Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2016 går av stabelen 3.-7. august i Gaupne, med Jostedal spel- og dansarlag og Gamlebanken Spelemannslag som vertskap. Landsfestivalen feirar 30-årsjubileum i 2016, og det er første gong den blir arrangert i Sogn.
Folkesongar Unni Løvlid og hardingfelespelar Synnøve S. Bjørset er tildelt stipend.