Mat

Ynskjer du å kjøpe middag på Grand Hotel Skei (kappleiksarena) kan dette tingast hjå hotellet på 5772 7800 eller grandhotelskei@unikehoteller.no.
 
Det vert òg open kiosk på hotellet gjennom kappleiken, der ein kan kjøpe drikke og lettare mat, bakevarer og kaffe/te.

 

Overnatting

Vestlandskappleiken skjer på Skei i Jølster, eit knutepunkt i Sogn og Fjordane som binder dei tre regionane saman, og det går difor mange bussar til Skei frå rundt om. Vi anbefalar å sjekke entur.no dersom du reiser kollektivt. Dersom du reiser med bil, kan du putte Grand Hotel Skei på GPSen, ettersom det er kappleiksarenaen. Under finn de ei liste over aktuelle stadar å overnatte, i ulike prisklasser og ulike avstandar til kappleiksarenaen. Trykk på namnet på overnattingsplassen for å kome til nettsida med meir informasjon og booking.
 

Grand Hotel Skei

Hotellet er òg kappleiksarenaen og difor så nært ein får det. Kappleiksgjestar har følgjande pristilbod, så sei ifrå at du er med på kappleiken, så får du følgjande pris på romma. Merk at det er eit begrensa antal rom til denne prisen, så om ein ikkje er tidleg ute kan det hende dei er utsolgt for denne type rabatterte rom. Ta kontakt med hotellet på 5772 7800 eller grandhotelskei@unikehoteller.no og sei at du skal vere med på Vestlandskappleiken for å bestille rom.

Prisar:

  • 1195 kr - Enkeltrom for ein person, per natt
  • 1395 kr - Dobbeltrom for to personar, per natt
  • 1595 kr - Trippelrom for tre personar, per natt
  • 1795 kr - Dobbeltrom for fire personar, per natt
Merk at det er ikkje lov å parkere bubil utanfor hotellet og overnatte i den. Dette er hotellet sine reglar.
 

Jølster Panorama, Skei

Campingplass ved Jølstravatnet i ca. halvannan km frå hotellet.
 

Skei servicesenter, Skei

Utleige av hytter 500 m frå hotellet.
 

Lunde Turiststasjon, Lunde

Ligg i retning mot Fjærland
 

Airbnb

På Airbnb kan ein tinge overnatting privatpersonar som tilbyr overnatting.

 

Andre campingplassar i nærleiken:

Jølsterlia hytter, Årdalen

 

Jølvassbu camping, Vassenden

 

Øvrebø hytter, Vassenden

 

Byrkjelo camping, Byrkjelo