TØFT 2025 har bidrege til at born og unge i heile Sogn og Fjordane har fått opplæring i, og kjennskap til folkemusikk og folkedans. Prosjekta har vorte gjennomført i Hornindal, Skei i Jølster, Viksdalen og på Sandane. Vi ser tilbake på TØFT 2025.
Våren 2025 fekk 5 søkjarar tilskot til TØFT-prosjekt. 3 av desse gjennomførte prosjektet, medan 2 måtte utsetje prosjektet til hausten. Vi takkar så mykje alle som var med på vårens prosjekt, særleg Gjensidigestiftelsen som har sponsa prosjektet. Her kan du lese litt om korleis TØFT-prosjekta våren 2025 gjekk.