LANDSMØTE 2015 I FOLKORG
Frist for å melde seg på Landsmøtet 2015 i FolkOrg er 27.mars!
Frist for å melde seg på Landsmøtet 2015 i FolkOrg er 27.mars!
Med over 200 deltakarar på Fylkeskappleik/DM i Jostedal, og heile 8 topplasseringar frå Jostedal spel- og dansarlag, er laget godt nøgde med helgas arrangement.
Fredag 27. mars held Mads Erik Odde og Ole Nilssen konsert på Påfyll Jølster på Ålhus – og dei gler seg.
Det er god påmelding til årets Fylkeskappleik, med det er ikkje fullt. Difor opnar arrangøren for at ein framleis kan melde seg på.
Førebels startliste for Fylkeskappleiken og DM finn du her.
FJUKANDE SKYER er ei samling slåttar og gammaldansmusikk som er komponert av spelemannen Lars Skjervheim frå Myrkdalen på Voss.
Fredag 27. februar slepper Linda Gytri si andre plate Audire. Denne gongen har trekkspelarinna frå Oldedalen samla toppmusikarar frå Finland og Noreg til ein splitter ny trio, og til sommaren spelar dei på Førdefestivalen.
På årskonferansen for Norske Festivaler som gjekk av stabelen i Molde 12.-13. februar, vart direktøren for Førdefestivalen, Hilde Bjørkum, vald til ny leiar.
Torsdag 12. februar slepper Linda Gytri Trio singelen Svarvesol – som ein forsmak på deira første felles plate Audire som kjem fredag 27. februar.
Sogn og Fjordane folkemusikklag innbyr til tradisjonskurs helga 21.-22. februar på Skei.
Jostedal spel- og dansarlag er arrangør av Fylkeskappleiken for Sogn og Fjordane 2015. Kappleikshelga vert 20.-21. mars. Klart for påmelding!
Som eit prøveprosjekt vert Distriktsmeisterskapen i trekkspel lagt inn i kappleiken.
Sogn og Fjordane folkemusikklag innbyr til Smørbukk-kappleiken 2015 i Jostedal Samfunnshus 21. mars kl. 1300. Også i år er Smørbukk-kappleiken samlokalisert med Fylkeskappleiken for Sogn og Fjordane.
Laurdag 7.februar arrangerar John Oddvar Kandal "Ein aftan på Ålhus" i Borgja. Festen startar kl.19.00, med musikk til kaffien. Deretter ein mjuk overgang til dans frå musikk til Fjellklang Spelemannslag (bilete) og andre. Slik som John Oddvar ville sagt det; "Som alle kjenner til, held vi på tradisjonane i vårt miljø, eller prøvar å bygge nye. Ved å arrangere slike festar held ein vedlike den gode "dans på lokalet"-kulturen, ein arena som ofte har rekruttert nye til spel- og dansemiljøet."