Årets Vestlandskappleik vert arrangert av Sogn og Fjordane folkemusikklag og vil finne stad på Skei hotell (Thon Hotel Jølster) 4.-5. oktober.

Pr. 30.6 er ikkje mykje planlagt, men vi vil legge ut informasjon på vestlandskappleiken.no så snart det er klart. 

Av overnattingsmoglegheiter vert det rabatterte priser på hotellet. I tillegg vert det moglegheit for klasseromsovernatting. Det er òg fleire alternativ på Skei og rundt om i Jølster. Trykk HER for meir info.

Vil du vere med som frivillig, så trykk HER for å fylle ut skjema.

Hugs å setje av datoen!