11.-13. oktober arrangerer Gamlebanken Spelemannslag vestlandskappleik! For fyrste gong på mange år vert kappleiken i Førde, på Rica Sunnfjord Hotell.

Etter å ha eksistert som laust samansett lag i om lag ti år, vart Gamlebanken Spelemannslag formelt stifta på årsmøte 6.april 2012. Formålet til Gamlebanken Spelemannslag er å dyrke ungt engasjement for tradisjonell folkemusikk. Sjølv om laget er ungt, har fleire av medlemmene brei erfaring med å arrangere kappleik, så då sjansen kom tok vi den.

Vi satsar på ein kappleik med mange kjekke klassar, dans til langt på natt og generelt god stemning. Erlend Apneseth vil ha konsert fredagskvelden før tevlingar og dans set i gang for fullt. I god Gamlebanken-ånd vil det konkurrerast i både bygdedans- og runddans-spel, og vi håpar også å fylle golvet i den særs populære runddanstevlinga i dans. Det vil verte tevlingar både fredag og laurdag, der høgdepunktet vert ein staseleg tevlingskonsert med utdeling av Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris laurdag kveld.

Vi pussar danseskoa, spenner felebogane og reinskar songstemma - og gler oss til å ta imot mykje godt folk til kappleik. Set av helga i kalendaren allereie no!

PS. Lik gjerne Gamlebanken på Facebook.